Grafisk profil

Sosialistisk Venstreparti lanserte ein ny logo og visuell profil i august 2020. Denne logoen vart introdusert gradvis på digitale flater og trykksaker. Alt nytt materiell skal lagast med ny logo og fargeprofil. Her kan du laste ned designmanualen for ei fullstendig forklaring av den nye visuelle profilen, samt laste ned logopakkane på begge målformer og i ulike format.

Bilde av dokumentets forside, Grafikk

SVs Designmanual 2020

Designmanualen er dokumentet som forklarar SVs visuelle profil og uttrykk. Dokumentet går i detalj på korleis du skal bruke logoen, fargebruk og fargeunivers, sekundærpalett for illustrasjonar, typografi og bruk av bilete.

Last ned svs designmanual 2020
SVs logo. grafikk
SVs logo frå og med september 2020

Logo

I den nye logoen er fundamenta frå den gamle logen vidareført. Det er gjort fargejusteringar og logoen har fått skarpare kantar. Desse endringane gjer at logoen kan brukast utan den gamle trekanten frå den grafiske profilen frå 2013.

Fargepalett

Primærpaletten består av seks fargar, tre nyansar i raudt univers, og tre fargar i grønt univers.

Mellomtonane er henta direkte frå logoen. Dei skal primært brukast til logo og store overskrifter. Unngå å bruke desse tonane på større flatar. Viss ein skal ha større flatar med bakgrunnsfarge skal ein bruke enten ein mørktone eller lystone.

Grafisk fremstilling av fargepalett, Mørktoner, Mellomtoner og Lystoner og ulike fargekombinasjoner mellom dem som oppfyller kontrastkrav. Grafikk

Mellomtonane oppfyller kontrastkrava for universell utforming på mørk- og lystonane så lenge dei blir brukt i riktig størrelse. På tekst vil dette seie større enn 18pt/px eller satt i «bold». Mengdetekst og andre små detaljar bør stå i mørktone på lystona bakgrunn eller omvendt.