Universell utforming

Eit demokratisk, likestilt og rettferdig samfunn gir like moglegheiter og er organisert slik at alle kan leve frie og sjølvstendige liv. Universell utforming er eit uttrykk for eit samfunnsmessig verdisyn om likestilling for alle og om at samfunnet skal være like tilgjengeleg for alle innbyggarar. For personar med nedsett funksjonsevne er universell utforming ein føresetnad for å kunne delta likeverdig, styre eige liv og kunne ta frie val. Difor meiner SV at vi må gjere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsemne, CRPD, til ein del av norsk lov.

Ein av føresetnadene for at Noreg skal oppfylle menneskerettane sitt krav om å sikre likestilling for menneske med funksjonsnedsettingar er at samfunnet er universelt utforma. Noreg er langt unna det målet i dag. Høgreregjeringa la til side den raudgrønne regjeringas mål om at Noreg skulle vere universelt utforma innan 2030. Denne nedprioriteringa fører til at god samfunnsplanlegging, som gir rom for og likestilt deltaking for alle, er utsett så lenge dagens regjering styrer. Skal Noreg bli eit universelt utforma samfunn er ein avhengig av målretta innsats fra myndigheitene på mange felt, med tydelige prioriteringar, forpliktande tidsfristar på ulike samfunnsområde og kraftfulle sanksjonar mot dei som ikkje legg til rette for alles moglegheitar til å delta i samfunnet på ein likestilt måte.

For å kunne delta i samfunnet er universelt utforma kollektivtransport, skular, barnehagar og arbeidsplassar, samt tilgjengelege offentlege tenester og butikkar viktig.

SV vil