Elbil

Transportsektoren er ei kjelde til store utslepp. I og rundt byane må det køyrast langt mindre bil enn i dag for å sikre ein meir effektiv trafikk og for at alle skal få trygg og rein luft å puste i. Men nokon vil framleis trenge bilen. Difor må vi sørge for å lage insentivar og fase inn teknologi som sikrar at heile transportsektoren kan gå på nullutslepp. Det gjeld også for varebilar og lastebilar.

I budsjettforhandlingane med regjeringa har SV sia 2021 sikra auka avgiftar for fossile bilar og senka avgiftane på elektriske bilar slik at fleire no velger elektrisk og klimagassutslippa går ned.

El-bil. Illustrasjon

Kva meinar SV om elbil?

SV vil:

  • Sikre at alle nye personbilar som selgast skal vere utsleppsfrie, alle nye varebilar skal vere nullutslepp innan 2027 og i 2030 skal alle nye lastebilar vere nullutsleppsbilar eller gå på biogass
  • Sikre tilstrekkeleg ladeinfrastruktur for hurtiglading over heile landet  
  • Bruke kjøpsavgiftane for nye personbilar og varebilar slik at elbilen vinn over bensin- og dieselbilane i nybilsalet.
  • Auka kjøpsavgiftar for elbilar må alltid bli fulgt av ei større auke for fossilbilar i same klasse
  • Gi elvarebilar og el-lastebilar tilgang til kollektivfelt.
  • Gi økonomisk støtte til ladeinfrastruktur i burettslag og sameige.