Ny som folkevalgt
Er du fersk i kommune- og fylkespolitikken?
Er du i tillegg åleine som representant for SV i kommunestyre eller fylkesting? Då kan det kanskje vere nyttig med nokre små tips på vegen.
- Bruk god tid på å førebu deg til møta. Grundig og godt arbeid gjer at du får respekt både fråveljarar, medpolitikarar og media. Start i god tid, for ofte kan det vere saker der du treng å hente inn supplerande informasjon i tillegg til saksutgreiinga.
- Ha alltid programmet du gjekk til val på framme når du arbeider med sakene. Der finn du mange svar på kva du skal meine!
- Lag gode samarbeidsrutiner med resten av partilaget, slik at du har fleire å diskutere sakene med. Ein modell kan vere at du møter fast på styremøta i lokallaget/ fylkeslaget. Ein annan at minst ein frå styret (gjerne fleire) møter fast på gruppemøtet før kommunestyret/fylkestinget for å få ein breiast mogleg debatt.
- Har du ein erfaren SV-politikar i nærområdet, kan det godt hende vedkomande har lyst til å vere mentor for deg!
- Lag deg ei oversikt over folk i lokallaget/ fylkeslaget med kompetanse på ulike område, og bruk dei som sparringpartnar når du skal ta stilling til vanskelege saker.
- Inviter til eit nettverk mellom SV-kommunestyrerepresentantane i nabo-kommunar/ region. De får heilt sikkert ein del felles utfordringar som det kan vere greitt å diskutere, og der SV bør ha ei felles haldning.
- Bruk heimesida til SV, partikontoret og rådgjevarane på Stortinget for å skaffe deg informasjon om kva SV sentralt meiner om saker du skal ta stilling til.
- Sit du i kommunestyret, kan det også vere lurt å spele på lag med SV-representanten/ ane på fylkestinget for å samordne utspel.
- Etter at kommunestyret/ fylkestinget er konstituert veit du om du er del av eit samarbeid, enten valteknisk eller med ei felles politisk plattform. I nokre kommunar/ fylke er det tradisjon med felles gruppemøte før kommunestyre/ fylkestingsmøta, særlig i samband med behandling av budsjett/ økonomiplan og andre store saker. Dersom du ikkje vert invitert går det an å ta kontakt dersom du se behov for det. Det kan vere lettare å få gjennomslag for gode SV-saker dersom du har eit godt samarbeid med andre parti.
- Det er lett å bli overvelda av alle sakene du må forhalde deg til i starten. Sjølvsagt har ein som folkevald plikt til å setje seg inn i alle saker, ikkje minst fordi ein må stemme, men det kan vere lurt å «velje sine kampar». Er ein åleine vert ein fort lei seg sjølv om ein skal ta ordet i alle saker, og resten av kommunestyret/ fylkestinget kan og verte leie. Finn dei sakene som er viktigast for SV, og der du kan markere SV som eit alternativ. Lag gjerne framlegg til vedtak på førehand; kanskje må du justere dei etter å ha høyrt debatten, men det er godt å ha eit utgangspunkt.
- I ein travel kvardag er det lett å bli styrt av dei sakene administrasjonen legg fram til politisk behandling. Hugs at du sjølv også kan setje dagsorden og ta opp saker som ikkje kjem av seg sjølv, m.a. ved å stille grunngjevne spørsmål og interpellasjonar. Send dei til media samtidig som du sender dei til ordføraren, og still deg til rådvelde for intervju. Igjen er det lurt å sjå på programmet, og gjerne diskutere med andre i styret i lokallag eller fylkeslag slik at du har mest mogleg kunnskap/ får brynt deg på motargumenta du kan møte.