SV vil legge til rette for meir sykling, og auke satsinga på kollektivtrafikk, sykkel og gange. Sykkel er eit av våre mest miljøvenlege transportmiddel. SV vil at det skal bli enklare å bruke sykkelen som transportmiddel i kvardagen. Vi vil legge til rette for syklande og gåande framfor biltrafikk, og sørge for for god trafikktryggleik for mjuke trafikantar.
SV vil:
Kort fortalt
SV at flere skal velge sykkel som fremkomstmiddel. Da må det tilrettelegges for at syklister kan ferdes trygt i trafikken, blant annet med sammenhengende og adskilte gang- og sykkelveier og bedre skilting og merking. Vi vil også bygge ut flere sykkelparkeringer og forenkle vikepliktreglene for syklister.- Prioritere syklande og gåande framfor bilen
- Prioritere auka utbyggjing og vedlikehald av samanhengande og adskilte gang- og sykkelvegar
- Belønne kommunar som satsar på sykkel og gange
- Ha ein ny nasjonal sykkelstrategi med mål om at minst 8 % av reiser vert tekne med sykkel og 20 % i byane
- Auke trafikktryggleiken med gul midtstripe, sette ned farten i område med mykje ulykker, sikre mjuke trafikantar i utsette område mellom tunge og mjuke trafikantar og bygge ut sykkelvegar og gangfelt med belysning i distrikta
- Forenkle vikepliktreglane for sykkel
- Fjerne parkeringsplassar der dei kjem i konflikt med utbygging av gang- og sykkelvegar
- Ha betre skilting og merking av gang- og sykkelvegar
- Setje ned fartsgrensene på vegar der mange syklar, og førebyggje ulykker og skadar gjennom auka hjelmbruk, betre sykkelopplæring og informasjon og endra trafikkreglar
- Stille krav om sikker sykkelparkering ved knutepunkt, offentlege stadar, bustadområde og arbeidsplassar til lokale styresmakter og private utbyggjarar
- Sikre gang- og sykkelvegar langs nasjonale turistvegar
- Ikkje tillate private aktørar å leige ut el-sparkesyklar utan avtale med kommunen