Nasjonalparkar

For å ta vare på planter og dyr, må vi sikre leveområda deira. Det gjer vi mellom anna gjennom å opprette nasjonalparkar.  Nasjonalparkane representerer nokon av våre flottaste naturområde og er med på å sikre at naturen går i arv. Den fyrste nasjonalparken, Rondane, fekk vi i 1962. I dag har vi 47 nasjonalparkar. Nasjonalparkane har vore avgjerande for å ta vare på større område utan særlege inngrep.  Ein stor mangel ved dei norske nasjonalparkane, er at få ligg ved kysten. Dette er område som har eit svært rikt plante- og dyreliv og områder SV vil prioritere å opprette fleire nasjonalparkar i.

Kysten. Illustrasjon

SV vil:

  • Utarbeide ein ny nasjonalparkplan. Vi vil særlig vektlegge oppretting av nasjonalparkar som har ein type natur vi har teke for dårlig vare på, til dømes kystnære områder.
  • Opprette fleire nye nasjonalpark slik som Østmarka i Oslo og Akershus.
  • Utvide og forsvare verneplanane for vassdrag. Vi vil ikkje bygge ut verna eller verneverdige vassdrag. Vi vil utarbeide ein eigen plan for vern av kystnær vassdragsnatur.
  • Sikre minst 10 prosent vern av havområda innenfor territorialgrensen gjennom marine verneplanar.
  • Utivde naturmangfaldloven til å gjelde ut til 200 nautiske mil.
  • Sikre minst 10 prosent vern av den produktive skogen.
  • Utvide dagens ordning med utvalde kulturlandskap der ein sikrar skjøtsel.
  • Grunnlovsfeste allemannsretten for å styrke naturgrunnlaget til friluftslivet.
  • Sikre kvardagssnaturen gjennom ei lov som sikrar grenser for utbygging i naturområda rundt dei større byane.

Emner