Noreg må styre mot det klimavenlege nullutsleppssamfunnet. I og rundt byane må det køyrast langt mindre bil enn i dag for å sikre ein meir effektiv trafikk og for at alle skal få trygg og rein luft å puste i. Men nokon vil framleis trenge bilen. Difor må elektriske bilar ta over for fossilbilane. Slik fasar vi inn teknologi som sikrar at heile transportsektoren kan gå på fornybar energi.
Målet er at alle nye bilar som seljast skal vere utan utslepp innan 2025. Dette er eit av dei viktigaste tiltaka for å oppnå klimamåla for 2030.
SV vil:
Bruke kjøpsavgiftane for nye bilar slik at elbilen vinn over bensin- og dieselbilane i nybilsalet.
Auka kjøpsavgiftar for elbilar må alltid bli fulgt av ei større auke for fossilbilar i same klasse. Det skal fasast inn meirverdiavgift for den delen av kjøpsbeløpet som er over 600 000 kroner ved kjøp av nye elbilar.
At kollektivtransporten og taxinæringa skal vere utsleppsfri. SV vil sette krav i offentlege anbod og løyver om utsleppsfri kollektivtransport og taxinæring.
At det skal stillast krav om høg del ladeplasser for elbil ved alle parkeringsanlegg.
Gi økonomisk støtte til ladeinfrastruktur i burettslag og sameige.