Bompengar

SV er for bompengar i byane som har so mål å redusere biltrafikken og finansiere kollektivtrafikk. Samstundes er vi sterkt imot den massive auka i bompengar som går til å byggje miljøfiendtlege motorvegar.

SV vil stoppe planane om nye, store motorvegar inn mot byane, som E18 inn mot Oslo, fergefri E39 og E6 nord for Trondheim. SV vil også stoppe planane om å byggje ein firefelts motorveg tvers gjennom Lågendelta naturreservat. I tillegg vil vi nedskalere mange av regjeringa sine planlagde firefelts vegar til 2/3-felts vegar der det er tilstrekkeleg. Regjeringa sine eigne utrekningar frå Riksvegutredninga i 2015 viser at eit sånt grep kan spare 450 milliardar kroner. Dei midla vil vi heller bruke til betre jernbane, kollektivtransport og tryggje og gode kvardagsvegar.

SV vil forsvare miljøtiltaka som skal få bort kø og forureining i byane våre. I Oslo, Bergen og Trondheim ser vi at bompengar er viktig for satsinga på kollektivtransport. Biltrafikken blir avgrensa og fleire tek kollektiv, sykkel og gange. Det gir reinare luft, ein trivelegare by og lågare klimagassutslepp.

SV vil