open menu

Olje og gass

Olje- og gassindustrien har gjeve arbeidsplassar og store inntekter i Noreg, men utvinning og bruk av fossil energi har også store skadevirkningar. Klimaendringane er i gang. I Noreg opplever vi styrtregn, flom og ras, men aller hardast rammast menneske i fattige land.  Verda har allereie funne meir olje, kol og gass enn klimaet toler å hente ut om vi skal unngå øydeleggande klimaendringar. SV seier derfor nei til å gje oljeindustrien nye leiteløyver. Fornybar energi utkonkurrerer i stadig større grad fossil energi på pris. Vi har allereie fått merke i norsk økonomi korleis ein nedgang i lønnsemda i oljesektoren påverkar arbeidsløyse og vekst. Det er avgjerande for Noreg å klare å omstille seg fra eit fossilt til fornybart samfunn så raskt som mogleg. SV kjem ikkje til å godta oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. I fleire stortingsperiodar har vi hinda oljeindustrien å bore i dette området. Lofoten, Vesterålen og Senja, Møreblokkene, Skagerrak, iskanten, polarfronten, Jan Mayen og andre uopna område på norsk sokkel, skal vere petroleumsfrie.

SV sine forslag til løysingar:

  • Noreg skal la olje og gass bli liggande, til beste for klima og i respekt for kommande generasjonar. SV går mot nye oljeutbyggingar, og mot å la oljeindustrien få nye areal dei kan leite etter olje og gass på.
  • Vi vil sørge for at sårbare og verdifulle område som Lofoten, Vesterålen, Senja, Møreblokkene, iskanten, polarfronten og uåpnede deler på norsk sokkel forblir utan petroleumsverksemd.
  • Noreg skal bli fritt for fossile utslepp innen 2040.
  • Bruke eigarmakta til staten i Statoil. Styrke forsking og innovasjonsmidlar med mål om å gradvis fase ut oljeproduksjon. Selskapet skal ikkje investere i tjæresand. SV vil gradvis omdanne Statoil fra fossilselskap til energiselskap.
  • Trekke Statens pensjonsfond utland ut av all fossil energi.

 

Les også: Oljefondet ut av fossil energi, Oljefrie Mørebankar, Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

 

Tilbake til «SV fra A til Å»

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter