Heiltid

Kort fortalt

SV vil sikre lovfesta og reell rett til heiltid, og fridom gjennom turnusordningar som gjer det mogleg å kombinere familieliv og heiltidsarbeid. Det offentlege skal fremje heiltidskultur som arbeidsgivar.

Heiltid er heldigvis det som er vanleg i det norske arbeidslivet. Men i nokre delar av arbeidslivet jobbar folk mindre enn dei vil. Det er eit alvorleg problem. Det gjer økonomien vanskeleg for mange.  Og det er eit av våre største likestillingsproblem.

Heile og faste stillingar burde vere normen for eit skikkeleg arbeidsliv. Men sånn er det ikkje. Blant dei som gjer nokre av dei viktigaste omsorgsoppgåvene rundt omkring i landet er deltid regelen, ikkje unntaket. Og mange jobbar deltid rett og slett fordi jobben er for tung til å jobbe fullt. Det er eit alvorlig faresignal at ei heil gruppe arbeidstakarar ikkje orkar å stå i jobben sin. Og det burde føre til endring.

Deltidstilsette med små stillingar kan ofte ikkje leve på denne lønna. Mange må difor jobbe som ringevikar i tillegg til deltidsstillinga si for å kunne betale rekningane sine. Om ein deltidstilsett varslar om problem eller blir sjuk, kan ho fort hamne langt nede på ringelista. Livet blir uføreseieleg for veldig mange menneske.

Diverre er norske kommunar jamnt over dårlege på å få til heiltid for sine tilsette. Alt for mange i kommunesektoren er tilsett på deltid, og særleg innanfor helse, pleie og omsorg. Dette er sjukepleiarane og hjelpepleiarane som tar vare på dei eldre i hjemmetenesta og på pleieheim. Det er heimetenesta som køyrer ut og hjelper eldre så dei kan få ein verdig alderdom på deira eigne premiss. Det er skulehelsetenesta som sjekkar korleis det går med barna våre. For helse, pleie og omsorg er andelen heiltid kritisk låg i hele Noreg. To av tre jobbar deltid.

Kvinner, og særlig de med kort utdaning, er overrepresentert når det gjeld deltidsarbeid og midlertidige tilsettingar. Denne skeivheita bidrar til å oppretthalde lønnsforskjellar, og avgrensar kvinners og menns valgfridom ikkje berre i arbeidsmarknaden, men også i familieliv og utdaning.

SV vil: