Bompengar

SV stør bompengar i byane som har som mål å redusere biltrafikken og finansiere kollektivtrafikk. Samtidig er vi sterkt imot den massive auka i bompengar som går til å bygge miljøfiendtlege motorvegar.

SV vil stanse planane om nye, store motorvegar inn mot byane, som E18 inn mot Oslo, fergefri E39 og E6 inn mot Trondheim. I tillegg vil vi nedskalere mange av regjeringas planlagte 4-felts vegar til 2/3-felts vegar der det er tilstrekkeleg. Regjeringas eigne utrekningar frå Riksvegutredninga i 2015 viser at eit sånt grep kan spare 450 milliardar. Dei midla vil vi heller bruke til betre jarnbane, kollektivtransport og trygge og gode kvardagsvegar.

SV vil også kompromisslaust forsvare miljøtiltaka som skal få bort kø og forureining i byane våre. I Oslo, Bergen og Trondheim ser vi at bompengar er viktig for satsninga på kollektivtransport. Biltrafikken blir begrensa og fleire tar kollektiv, sykkel og gange. Det gir reinare luft, ein trivelegare by og lågare klimagassutslepp.

SV vil