Arbeidsmiljølova
SV jobbar for eit arbeidsliv med trygge rammer og små lønnsforskjellar. Me treng ei solid arbeidsmiljølov for å demme opp for det skeive maktforholdet på arbeidsplassen. Den som er tilsett er meir sårbar enn den som tilsett.
Høgre- og Frp-regjeringa har svekka arbeidsmiljølova. Det har ikke skapt fleire jobbar, men gitt eit meir utrygt arbeidsliv. SV vil difor forsterke arbeidsmiljølova og sikre at flest mogleg er fagorganiserte.
SV vil:
- Reversere svekkingane som blei gjort i arbeidsmiljølova i 2015 og styrke arbeidstakarane sitt vern ytterlegare.
- Sikre eit klart skilje mellom jobb og fritid, gjennom å forsvare normalarbeidsdagen.
- Sikre lovfesta og reell rett til heiltid.
- Få dei kommersielle bemanningsbyråa ut av arbeidslivet. Vikarbyrå skal berre vere tillatte i visse tilfelle, slik regelverket var før år 2000.
- At kollektiv søksmålsrett om innleige av arbeidstakar frå bemanningsføretak blir gjeninnføyrt.
- At Arbeidstilsynet skal få heimel til å kontrollere bruken av innleige og sanksjonere dei som bryt lova.
- Iverksetje og styrke tiltak for å redusere diskriminering og rasisme i arbeidslivet.
- Ha norske arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel.
- Styrke vernet av varslarar og innføre eit nasjonalt varslarombod.
- At tilsette i varehandelen skal bli omfatta av arbeidsmiljølovas avgjerder om natt- og sundagsarbeid.
- At reguleringa av sundagsopne butikkar blir overhaldt og oppretthaldt.
- At krava til å dokumentere behovet for allmenngjering av tariffavtalar blir redusert.
- Sikre det kollektive forhandlingssystemet og forsvare streikeretten.