open menu

Friluftsliv

Friluftsliv er svært viktig for mange menneske i Norge. Gjennom friluftslivet vert folk glad i naturen, og det er bra for folkehelsa. Det offentlege må derfor legge til rette for at alle som ønskjer det, skal ha god tilgang til naturen.

Allemannsretten er eit viktig prinsipp i Norge. Han sikrer folk rett til et aktivt friluftsliv. SV har derfor fremmet forslag om at allemannsretten skal grunnlovsfestast. For å ha et godt friluftsliv med rike opplevingar er vi nøydd til å ta vare på naturen, fordi det er grunnlaget for friluftslivet.

SV vil:

  • Grunnlovsfeste allemannsretten.
  • Sikre tilgang til friluftsliv for alle. Funksjonshemma skal ha god tilgang til friluftsområde i heile landet, friluftsliv skal ha ei viktig rolle i integreringspolitikken, og skulen skal sikre at alle barn og unge får oppleve norsk friluftsliv og natur.
  • Bruke mer av spelemidlane til anlegg for friluftsformål og friluftstiltak for born og unge, og auke støtta til friluftsorganisasjonene og friluftsråda.
  • At alle kommunar skal ha ei ordning for gratis utlån av turutstyr, i kommunal eller frivilleg regi.
  • Ruste opp stiar, turvegar og gang- og sykkelvegar. Turisthyttene skal prioriterast framfor utbygging av private hytter i område der hyttebygging må begrensast.
  • Opprette fleire nasjonalparkar.
  • Ta vare på eventyrskogane gjennom vern av minst 10 prosent av den produktive skogen i Noreg.
  • Utarbeide ei lov som sikrar etablering av utbyggingsgrenser rundt større byar, for å ivareta dei nære naturområda.
  • Prioritere stille natur. Ro er ein viktig del av friluftsliv og naturopplevingar. Motorisert ferdsel i utmark skal vere strengt regulert. Det samme gjeld bruk av vannscooter.

 

Tilbake til «SV fra A til Å»

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter