1. kandidat for Sogn og Fjordane
Kvifor vart du med i SV?
Eg har vore oppteken av rettferd frå eg var ung, og engasjerte meg i mange ulike saker. Då eg var ganske vaksen og venta mitt fyrste barn, vart eg spurt om å stille på toppen av SV-lista i Gloppen. Det sa eg ja til. Eg hadde lyst til å vere med i SV fordi partiet tek kampen for omfordeling og er klar for å både ta og bruke den makta vi kan få for å oppnå velferdsgode og rettferd for alle.
Kva er dine tre viktigaste saker?
Trygg kvardagsøkonomi og velferd for alle. At vi skal ta vare på naturen og få fart på det grøne skiftet og at vi skal ha distriktspolitikk som gjer at folk kan bu, arbeide og leve liva sine også i dei mange små og store bygdene i Sogn og Fjordane.
Kva er det kjekkaste med å drive valkamp?
Det kjekkaste er å snakke med nye folk. Det er utruleg mykje kunnskap og klokskap å få gjennom treff med menneske. Valkamp er også å sjå att SV-arar rundt om kring i heile Sogn og Fjordane. Det å få lov til å vere midt i livet til folk er eit privilegium.
Korleis ser ein vanleg søndag ut for deg?
Det finst alt for få vanlege søndagar! Er ein aktiv i organisasjonar og med partipolitikk er helgar gode å ha for å få samla folk til møte, seminar og konferansar. Når det endeleg kjem ein vanleg søndag prøver eg å få med meg gudsteneste i kyrkja på føremiddagen, gå tur og helst få tid til nokre kaffikoppar og spøting i sofaen. Får eg gjort noko av dette i lag med ungdomane heime eller vener, så er det ein perfekt søndag.
Instagram – https://www.instagram.com/hege.lothe/