Atomvåpen

Atomvåpen har grusomme humanitære konsekvensar, og eksistensen deira bidreg til ei meir utrygg verd. Dei siste åra har nedrustinga stoppa opp, og atommakter som Russland, Storbritannia og USA utviklar nye atomvåpen.

Med Russlands brutale krig i Ukraina og Putins gjentekne trusslar mot det internasjonale samfunnet har atomvåpenrisikoen auka. Krigen illustrerer med tydelegheit viktigheita av å avskaffa atomvåpen.

SV meiner Noreg må jobbe systematisk for ei verd utan atomvåpen. Eit avgjerande middel for å oppnå dette er FN-traktaten som forbyr atomvåpen. SV jobbar for at Noreg signerer og ratifiserer traktaten, og bidreg til at fleire land gjer det samme. Noreg var pådrivaren for å få på plass forhandlingane om eit internasjonalt forbod under den raudgrøne regjeringa, men er så langt berre observatør. No er det på tide at Noreg tar tilbake rolla som ein pådrivar for ei verd utan atomvåpen.

SV vil:

  • At Noreg signerer og ratifiserer FN-traktaten som forbyr atomvåpen, og jobbar for at fleire land gjer det same.
  • At Noreg løfter fram dei humanitære konsekvensane av atomvåpen i FN og andre internasjonale forum.
  • Gjere Noreg til atomvåpenfri sone gjennom å grunnlovsfeste forbodet mot atomvåpen på norsk jord.
  • Krevje garantiar for at militære fly og fartøy som opererer i norsk farvatn og luftrom ikkje ber atomvåpen.
  • At Noreg arbeider for å fjerne prinsippet om fyrstegongsbruk i NATO strategien.
  • Støtte opp om sivilsamfunnsorganisasjonar som arbeider for kjernefysisk nedrusting.