Arkitektur

SV ynskjer ein aktiv politikk for å sikre folk gode heimar og byar det er godt å leve i. Det er eit mål at flest mogleg skal eige sin eigen bustad.

I dag blir utbygging og utvikling av byrom og nye bustadar i for stor grad dominert av utbyggjaren sitt behov for å tene pengar. SV ynskjer ein meir aktiv arkitektur- og bustadpolitikk. Krava til miljø og gjenbruk må styrkast. I staden for å rive, bør det i mykje større grad bli stilt krav til gjenbruk og miljøvenlege materialar.

Ved å stille tydelege krav til bukvalitet, materialar, uterom, miljø og estetiske kvalitetar, blir det også gitt rom for ein meir variert arkitektur og større spelerom for arkitektar som ynskjer å tilføre noko nytt. Difor meiner me kommune og stat må ha naudsynt kompetanse og høve til å stille krav ved anbod og regulering, så me får gode bygg og gode byrom. Den arkitekturfaglege kompetansen må styrkast ved utlysningar, slik at det blir lagt til rette for nyskaping og rom for varierte løysingar.

Å ta vare på historiske bygg, og sikre gjenbruk av desse, kan vere viktig av omsyn til både miljø, økonomi og estetiske kvalitetar og god bruk. SV tok ei rekke initiativ for å sikre at Y-blokka ikkje skulle rivast, og jobbar no for å behalde Ullevål sykehus. I arbeidet med det nye regjeringskvartalet og etablering av nytt sjukehus på Gaustad ser me at det blir lagt opp til svært dyre bygningar i Oslo, som ikkje er godt nok utgreia og begrunna.

SV vil