Arbeidsavklaringspengar

Arbeidsavklaringspengar er ei ordning som skal sikre inntekt i periodar der ein på grunn av sjukdom eller skade treng hjelp frå Nav for å kome i arbeid.  Ordninga blei innført i 2010 og erstatta yrkesretta attføring, rehabiliteringspengar og tidsbegrensa uførestønad.

Høyre, Frp, Venstre og KrF har dei siste åra gjort ei rekke innstrammingar i AAP-regelverket. Stønadsperioden har blitt redusert frå fire til tre år. I tillegg blei vilkåra for å få forlenging kraftig skjerpa, og det har blitt innført ein karensperiode på 52 veker for dei som har nådd makstid. Mange har difor mista inntekta sjølv om dei ikkje har vore avklart verken for arbeid eller uføretrygd.  

SV vil: