Olje og gass

Olje- og gassindustrien har gjeve arbeidsplassar og store inntekter i Noreg, men utvinning og bruk av fossil energi har også store skadevirkningar. Klimaendringane er i gang. I Noreg opplever vi styrtregn, flom og ras, men aller hardast rammast menneske i fattige land.  Verda har allereie funne meir olje, kol og gass enn klimaet toler å hente ut om vi skal unngå øydeleggande klimaendringar. SV seier derfor nei til å gje oljeindustrien nye leiteløyver for å finne meir fossil energi, vi vil ha ei høy co2-avgift på sokkelen og elektrifisera felta som er i produksjon.

Fornybar energi utkonkurrerer i stadig større grad fossil energi på pris. Vi har allereie fått merke i norsk økonomi korleis ein nedgang i lønnsemda i oljesektoren raskt påverkar arbeidsløyse og vekst. Det er avgjerande for Noreg å klare å omstille seg fra eit fossilt til fornybart samfunn så raskt som mogleg.

SV kjem ikkje til å godta oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. I fleire stortingsperiodar har vi hinda oljeindustrien å bore i dette området. Lofoten, Vesterålen og Senja, Møreblokkene, Skagerrak, iskanten, polarfronten, Jan Mayen og andre uopna område på norsk sokkel, skal vere fri for olje. Me vil at vi skal legge de miljøfaglege råda til grunn når iskanten skal fastsettas.

SV sine forslag til løysingar: