ForsideKonferanse: Trygge lokalsamfunn i ei utrygg tid
Konferanse: Trygge lokalsamfunn i ei utrygg tid
EU/EØS-utvalet inviterer saman med Jordbrukspolitisk nettverk og Fiskeripolitisk nettverk til konferanse. Me kan by på spennande innleiingar om EØS og handlingsrom i kommunane, lokaldemokrati, matberedskap, naturvern og mykje meir.
Konferansen avholdes i kontora til Noregs Mållag i Dronningens gate 22, med eit kveldsprogram på Litteraturhuset i Oslo.
Konferansen koster 250 kr og inkluderer lunsj. Konferansen er åpen for alle. Påmeldingsfristen er 15.november.
Lørdag 21.november 14:30- 18:00 i Dronningens gate
Kl. 14:30: Dørene opnar Kl. 15:00–16:00: Fredrik Tønnesen – Korleis står det til med demokratiet vårt? Kl. 16:00–17:00: Cathrine Amundsen – Offentleg velferd og EØS. Finst det eit handlingsrom? Kl. 17:00–18:00: Samtale med lokale SVarar – Korleis står det til med kommunane? v/ Hege Lothe
Kveldsarrangement 19:30 på Litteraturhuset
Kl. 19:30: Dørene opnar Kl. 20:00: «Utan mat og drikke» – samtale om økonomiske og politiske vilkår i fisket og landbruket. Med oss i samtalen har me Torgeir Fylkesnes, Tor Jacob Solberg og Edel Urstad
Søndag 22.november 10:00-16:00 i Dronningens gate
Kl. 10:00–10:45: EUs klimapolitikk v/ Fredrik Tønnesen Kl. 10:45–11:45: Dag Jørund Lønning (Digital) – Kva er den eigentlege krisa? Kl. 11:45–12:30: Lunsj Kl. 12:30–13:15: Tor Rune Raaby – Kva framtid må vi førebu oss på? (Eit beredskapsperspektiv) Kl. 13:30–14:15: Edel Urstad – Folkekrav for matberedskap. Kl. 14:15–16:00: Politisk verkstad og avslutning.