Gatefest er eit supert arrangement for å bli synlige lokalt og for å komme i kontakt med folk. Målet med gatefest er å vise SV som eit inkluderande, hyggeleg, imøtekommande og mangfoldig parti – ein gjeng du får lyst til å henge med.
Konseptet gatefest kan både nedskaleres og oppjusteres etter behov. Sjekk ut tips og triks om gjennomføring av gatefest her: Gatefest – SV
I juni gjennomførte Bjørnafjorden SV gatefest. Les om arrangementet og sjå dei fine bildene under:
9.juni arrangerte Bjørnafjorden SV gatefest i parken/Kyrkjeflaten på Osøyro.
Vi hadde laga til med hoppeslott, ansiktsmaling, hobbyverkstad, musikk og leikar utlånt frå Bua. Det var servering av grillmat, saft, kaffi, kaker og sveler. I tillegg hadde vi popcorn, slush og sukkerspinn. Arrangementet var ope for alle og var sjølvsagt gratis.
Sola titta fram mellom skyene, og det blei ein fantastisk dag. Vi hadde besøk av ein stad mellom 150 og 200 store og små. Det er jo heilt fantastisk!