Ukraina

SV fordømmer det russiske regimets folkerettsstridige krig i Ukraina. I solidaritet med det ukrainske folk har SV fått på plass ei historisk bistandspakke som vil bistå den ukrainske forsvarskampen, avhjelpe den humanitære krisa og gjenreise Ukraina når krigen er over.

Den 24. februar 2022 skjedde det utenkelege – ein fullskala angrepskrig i Europa. Med ein ufatteleg brutalitet har det russiske regimet angripe sitt naboland med mål om å gjenreise det gamle imperiet. Tusenvis av unge menn er ofra i ein meiningslaus krig. Sivile har ikkje blitt skåna, tvert imot synast både rakettangrep og angrep av visse landsbyar å vere retta mot sivile liv og infrastruktur.   

Det internasjonale samfunnet står samla i sin fordømming av krigen og i si støtte til Ukraina. Europeiske land har iverksett den mest omfattande sanksjonspakka nokon sinne. Varehandel er strengt avgrensa, bankoverføringar forbode og russiske oligarkar har fått sine eigedelar i utlandet frosne. SV støttar alle sanksjonane som er innført.

På kort tid har europeiske og amerikanske styresmakter samordna støtta til den ukrainske forsvarskampen. Gjentekne donasjonar av stadig tyngre våpen og ammunisjon har kome frå eit breitt lag av land. Den militære støtta har vore avgjerande for den ukrainske forsvarskampen. Noreg har bidrege med ei rekkje donasjonar, herunder eit av verdas beste luftvernsystem. SV stiller seg bak desse donasjonane.

Som dei fleste krigar og konfliktar vil også denne mest sannsynleg ende ved forhandlingsbordet. Noreg bør ynskje initiativ til forhandlingar velkommen. Fredsforhandlingar kan imidlertid ikkje sjåast uavhengig av forsvarskamp. Ukraina kan ikkje forhandle med eit Russland som har kontroll over store delar av det ukrainske territoriet. Det er opp til Ukraina å avgjere når tida er inne for å starte forhandlingar.

Noreg har bidrege med store midlar til humanitær hjelp i Ukraina. SV meiner at humanitær så vel som langsiktig bistand best kanaliserast gjennom lokale organisasjonar. Det handlar om tilgang og kontekstuell kunnskap, men det handlar også om at Noreg med så store bistandsmidlar bør styrke det ukrainske sivilsamfunnet på sikt. Ukraina har eit rikt sivilsamfunn med sterke organisasjonar, men Ukraina er eit land med stor grad av korrupsjon og er rangert lågt på demokrati indeksen. Ved å la lokale organisasjonar få ei sentral rolle vil me styrke sivilsamfunnet slik at det kan spele rolla som vaktbikkje og på sikt utvikle det ukrainske demokratiet.

Ei rekkje land i Afrika, Latin-Amerika og Asia har stemt avhalden når krigen har vore tema for FN resolusjonar, noko som har skapt grobotn for ein politisk diskurs om at dei tek side med Russland. SV er bekymra for denne polariseringa. Noreg er ikkje tent med ein ny kald krig mellom vesten og resten. Me står overfor store globale utfordringar som ikkje kan løysast i ei todelt verd. FN og arenaer der alle land kan snakke saman på likefot er viktigare enn på lenge.

Krigen i Ukraina har ført millionar på flukt. Noreg har tatt imot 50 000 ukrainske flyktningar og planlegg for å ta imot endå fleire. Flyktningane har fått kollektivt midlertidig opphald og vert busett i kommunar rundt om i landet på kort tid. SV støttar denne relativt rause flyktningpolitikken og meiner at andre flyktninggrupper bør handsamast på like god måte.

Når krigen tek slutt må landet gjenreisast. I samband med forhandlingane med regjeringa for statsbudsjett 2023 fekk SV gjennomslag for at noko av dei ekstraordinære gassinntektene skulle brukast på bistand. Detaljane for bistandspakka vart landa i eit breitt forlik på Stortinget og resultatet var ei storslått bistandspakke til Ukraina på 75 mrd. over fem år, og ei livreddande bistandspakke til utviklingsland ramma av krigens konsekvensar på 5 mrd.