Tryggleik og beredskap


Eit samfunn med korte avstandar mellom innbyggarar og styresmakter, og der folk er informerte og tar ansvar for seg sjølv og andre, har gode føresetnader for å førebyggje og takle ulike typer kriser. I tillegg til sivile og militære ressursar, gjer frivillige i ulike organisasjonar ein viktig innsats i beredskapen. Dette er ein viktig del av folks deltaking i lokalsamfunn, og det gir oss ein ekstra beredskapsressurs som engasjerer og bygger fellesskap og tillit.

SV meiner samfunnstryggleik handlar om å verne samfunnet mot hendingar som truar grunnleggande verdiar og funksjonar, og sett liv og helse i fare. Det kan dreie seg om matvaretryggleik, vann- og energiforsyning, beredskap mot klimaendringar og naturkatastrofer, epidemiar, dataangrep og terrorangrep. Både lokale og sentrale myndigheiter med ansvar for samfunnstryggleik må ha nok og riktige ressursar og vere godt samordna.

SV vil:

• Styrke arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.
• Gi kommunane auka ressursar for å oppfylle krav som blir stilt til førebygging og beredskap.
• Videreutvikle og vedlikehalde beredskapen mot nasjonale hendingar, terror og organisert kriminalitet.
• Utvikle forsyningstryggleik og beredskapslagring meir i tråd med «føre var»-prinsippet enn «i rette tid»-tenking på særleg sårbare område, som mat, legemiddel og medisinsk utstyr.
• Styrke Sivilforsvaret for å forbetre samfunnets generelle beredskap og sikre god handtering av eksempelvis ekstremvêr, terror, ulukker, pandemiar og humanitære katastrofar og situasjonar.
• At frivillige beredskapsorganisasjonar skal ha gode vilkår.
• Videreutvikle det nordiske beredskapssamarbeidet.
• Etablering av ny grensestasjon ved Schengengrensen med tilrettelagt areal for framtidige smittesituasjonar.