Barnevern
Å beskytte utsette barn er eit av fellesskapet sine viktigaste oppdrag. Barn som er utsett for vald, overgrep, omsorgssvikt eller andre vonde opplevingar, må få stabilitet, faglegheit og trygg omsorg. Difor treng me eit barnevern som handlar om å beskytte barn, ikkje om å tene pengar.
Barnevernet treng fleire tilsette for å kunne sjå og hjelpe kvart enkelt barn på ein god nok måte. Difor jobbar SV for eit nytt barnevernsløft i den kommunale barneverntenesta. Barnet sitt beste skal alltid være viktigast, og barn må få auka medverknad i barnevernet.
SV vil:
- At barns rett til medverknad skal vere med i alle relevante paragrafar i barnevernlova. Barn si røyst skal bli høyrt, og bli tillagt vekt, i saker som gjeld dei.
- Ha arbeidstidsordningar heimla i tariffavtale og som sikrar barns tryggleik.
- Sikre at alle som skal jobbe med barn og familiar får god kunnskap om vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt.
- Innføre autorisasjon av sosionomar og barnevernspedagogar.
- Sikre at alle barn får psykisk og somatisk helseundersøking tidleg ved omsorgsovertaking.
- Utvikle og oppskalere fleire barnevernstiltak i offentleg regi, og i samarbeid med ideelle aktørar, for bruk i den kommunale barneverntenesta.
- Rekruttere fleire fosterheimar, særleg med minoritetsbakgrunn, og styrke barnevernets oppfølging og rettleiing av fosterheimane.
- At fosterheimane skal få betre sosiale og økonomiske rettar.
- At myndighetsutøving i barnevernet skal utførast av det offentlege, ikkje private.
- At statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) får utvida mandat til å undersøke alvorlege saker i barnevernet.
- Styrke det førebyggjande og tverrfaglege arbeidet i alle tenester inn mot barnevernsreformen.
- At barnevernet skal ha ansvar for alle einslege mindreårige asylsøkarar, for å sikre at alle barn får den omsorgen, tryggleiken og barnefaglege oppfølginga dei har krav på.
- Avskaffe anbudsregimet i barnevernet. Enkeltbarn og deira tilbod skal ikkje settast ut på anbod. SV vil ha eit offentleg tilbod og langsiktige samarbeid med ideelle aktørar i tillegg.
- Fase ut kommersielle aktørar i barnevernet og erstatte dei med offentlege tilbod, supplert av ideelle.
- Auke bemanninga i det kommune barnevernet, og innføre ein rettleiande bemanningsnorm.