open menu

Nominasjonsarbeidet i Sogn og Fjordane-valkrets er starta

Nominasjonsnemnda ynskjer innspel.

Nominasjonsarbeidet i Sogn og Fjordane-valkrets er starta opp mot ei endeleg liste til stortingsvalet 2021. Sjølv om vi no er blitt Vestland fylke, vil det vere to valkrinsar og dermed to lister, ei for Hordaland og ei for Sogn og Fjordane. Nominasjonsnemnda for Sogn og Fjordane ber no om innspel til listekandidatar til alle plassar på lista.

Stortingsvallista har for denne perioden 10 gode namn og vi i nominasjonsnemnda legg dette talet til grunn.  Nemnda ynskjer innspel innan 1. juni, frå SV-lokallag og SV-medlemmar busett i valkrinsen.

Nominasjonsnemnda arbeider etter same mønster som tidlegare, og ønskjer ei god spreiing på kjønn, politisk ståstad/erfaring, geografi, etnisitet osb.

Med ønskje om ein raus og konstruktiv nominasjonsprosess med mål om ei god liste og eit godt val for SV.

Alle innspel kan rettast direkte til nominasjonsnemnda som består av:

Bente Nilsen, leiar (Kinn)
Jørgen Bergset (Stad)
Kristine Timberlid (Høyanger)
Steinar Øydvin (Sogndal)
Jakob Andrè Sandal (Sunnfjord)

Send innspela dykkar til:
Bente Nilsen
Epost: bente.nilsen72@gmail.com
Mob: 902 22 692

Del dette