Gamle kampar, om igjen.

Publisert av: Troms og Finnmark SV Publisert: 06. March 2019
Oppdatert: 06. March 2019
Lesetid: ca. 4 min
Kronikk fra bystyrerepresentant Ingrid Kristine Aspli, publisert i Rogalands Avis 06. mars 2019. "Det er ikkje vi feministar som har bestilt ei reprise på abortsaka, det er det Erna og Kjell Ingolf som har."

Det nærmar seg 8.mars, ein dag som kjem for sjeldan, spør du meg. Enno i 2019 har vi så mykje å ta opp, at vi burde nok hatt kvinnedag ein gong i månaden.

I samanheng med kvinnedagen 2019, ønskjer eg å spole tilbake til kampdagen ”forsvar abortlova” 17.november i fjor, for vi må diverre snakke om abort, igjen. Det er ikkje vi feministar som har bestilt ei reprise på den saka, det er det den borgarlege regjeringa vår, som har.

Abortlova fekk vi på plass for omtrent 40 år sidan. Abortlova er resultat av ein lang kamp, kampen for retten til å bestemme over eigen kropp. Abortlova har vore ei lov som fungerer.

Likevel har Erna si regjering har forsøkt å tukle med den fleire gongar. Titusenvis gjekk i 8.mars-tog mot reservasjonsretten mot abort i 2014. Og folket vann. Det vart ikkje noko reservasjonsrett mot abort for legane. Men sjølv om vi har sagt klart i frå om kva vi meiner om å tukle med abortlova, så måtte vi i 2018, og må no i 2019, samlas for å forsvare abortlova igjen.

For ein kondis vi feministar har. Og må ha!

Og korfor måtte vi på ny ut i gatene i november? Jo, med ein statsminister som var villeg til å ofre kvinner sin råderett over eigen kropp, for å få KrF med i regjering, så vart abortlova igjen aktualisert. Meir spesifikt, to delar av lova: Innstramming av paragrafen vedrørende abort ved alvorleg sjukdom hjå fosteret, samt paragrafen vedrørande fosterreduksjon.

Argumenta var i hovudsak at ein ikkje ønskjer seg noko sorteringssamfunn, og at ein vil ha aborttala ned.

Erna Solberg gjekk difor ut i media og sa at vi kan kanskje endre ”alvorleg sjukdom” til ”ikkje levedyktig”. Der sa fagfolk stopp! Det er svært utfordrande å vurdere ”ikkje levedyktig”, ikkje dytt ansvaret over på oss, sa legar som sitt i abortnemder rundt om i landet. ”En paragraf som signaliserer at det er moralsk stygt å ønske seg et friskt barn, vil være med på å gjøre valget vanskeligere for folk”, sa Johanne Sundby, professor i medisin.

Heldigvis gjekk ikkje dette absurde forslaget gjennom. Akkurat den paragrafen om alvorleg sjukdom fekk stå i fred. Det hjalp å protestere. Og interessant nok, så vart det i same tidsrom, kjempa ein kamp for det som heiter pleieplengeordninga. Altså ordninga som gir økonomisk stønad til foreldre med alvorleg sjuke barn. Ville Erna og co vere med på ei forbetring av denne ordninga? Sidan dei no nettopp var så opptekne av mangfald? Nei, dei var ikkje så ivrige på det. Treng vi å utdjupe kor pradoksalt det er? Nei, vi treng nok ikkje det.

Men, den andre paragrafen, vart faktisk endra. Paragrafen om fosterreduksjon. Tidlegare så kunne ein som kvinne, avgjere sjølv kor mange foster ein skulle bere fram. No er dette innskrenka. Og kva var ein av Kjell Ingolf Ropstad (KrF) sine fyrste kommentarar til dette? Jo:

”Klarer du å bære fram ein, klarer du to”. Dette skapte så mykje furore, at han etterpå måtte gå ut å beklage at han hade formulert seg slik. Han sa han ikkje hadde førebudd seg godt nok til dette intervjuet. Men kjære, er ei slik uttaling eit spørsmål om kor godt budd du er? Eller fortel det ganske klart kva haldningar du har til saka?

Det er så innmari krevande å bære fram, føde og deretter ha omsorg for barn. Det er krevande at vi er heilt naudt for å rigge samfunnet slik at flest muleg barn som blir født er ønskja og venta på, og at det står omsorgspersonar klare til å ta dei mot. Vi er heilt avhengige av å ha flest muleg svangerskap og barselperiodar med mødre med psyken i behold.

Difor er det heilt skrekkeleg med eit ”klarer du ein, så klarer du to”- utspel. Og det er diverre ikkje det fyrste utspelet frå den kanten, som minner om vanvit: I eit medieutspel frå Ropstad tilbake i 2011, (merk ikkje 1911, men 2011), sa den noverande ministeren at kvinner som vurderer abort bør vurdere å bære fram barnet, for så å adoptere det bort, i solidaritet med dei ufrivilleg barnlause. Tenk det! Tenk at det i vår tid går an å meine at kvinner fint kan gå eit heilt svangerskap, med all den risiko det inneber, for så å gi frå seg barnet. Som ein dugnad liksom, som å ta ein for laget.

Og Kjell Ingolf Ropstad, han er barne – og familieminister no. Før heitte stillinga barne – og likestillingsminister. Men då Ropstad gjekk inn på det kontoret, då måtte likestilingsdelen gå ut. No er likestillingsministeriet over hjå kulturminister Trine Skei Grande.

Likestilling høyrer ikkje til familie lenger; i regjeringa si arbeidsfordeling. Men her ute i verkelegheita, i kvardagane, så er likestillingskampen faktisk ein gjennomgripande del av alle familiar sitt liv. Fordi den handlar om råderett over eigen kropp, om vald og seksuell trakassering, om lønnsnivå og rettar i arbeidslivet, om arbeidsfordeling og permisjonsfordeling i heimen, om kva foreldre lærer barna sine om valfridom og mulegheiter.

Og abortkampen er ein viktig del av den kampen. Abortlova skal ikkje trekkas bakover i tid. Vi skal framover. Difor kjennas dette vedtaket om fosterreduksjon som ein strafferunde. Dette tilbakeslaget må sjølvsagt reverseras.

Hvis vi skal gjere noko med abortlova, då skal vi i så fall gå i riktig retning. Og SV arbeider hardt for riktig retning i denne saka:

SV har programfesta at vi vil arbeide for å

Kampen for full råderett over eigen kropp, er ikkje noko kvar enkelt kvinne skal stå i åleine. Den kampen er felles. Den kampen er politisk. Og den er diverre framleis brennaktuell.

SV tar den kampen! Vi sjåast i toget 8.mars!