SV – kan det vera kjekt, då?

Publisert av: Rogaland SV Publisert: 10. oktober 2019
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 2 min
Velkommen til Rogaland SVs haustkonferanse 9. -10. november!

Konferansen er særleg meint for deg som er ny medlem i SV. Alle SV- og SU-medlemmer er hjarteleg velkomne, og me trur at programmet kan vera interessant også for deg som har vore med ei stund. Kjenner du nokon som ikkje er medlem enno, men som kanskje kan bli det? Ta dei med!

Stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård kjem for å halda hovudinnleiinga om sosialisme i vår tid.

Påmeldingsfristen har gått ut, men ta kontakt med fylkessekretær Olav på rogaland@sv.no om du vil vera med.

Heile programmet ser slik ut:

Laurdag

Toget frå Stavanger som korresponderer med kystbuss frå Haugesund er framme kl. 10.09.

10.00     Kaffi og registrering

10.30     Velkommen, ved Ingrid Fiskaa, leiar i Rogaland SV

11.00     Sosialisme i vår tid, ved stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård.

12.30     Lunsj og drøs

13.30     Sosialismen og Rogaland – eit historisk tilbakeblikk, ved forfattar Gunnar Roalkvam.

14.30     Kva engasjerer med SV? Korleis kan me auka engasjementet for SV for endå fleire? Gruppediskusjon.

15.30     Pause

16.00     Ein inkluderande organisasjon, ved kommunestyrerepresentant og løvemamma Bettina Lindgren.

17.00     Slik fungerer SV, og slik kan du påverka! Ved Ingrid Fiskaa, leiar i Rogaland SV.

18.00     Oppsummering av programmet. Middag og sosialt.

Søndag

Toget sørfrå er framme kl. 10.13. Toget nordfrå kl. 10.09.

10.30     Vegen ut av klima- og naturkrisa, ved Hallgeir Langeland, leiar i Naturvernforbundet Rogaland og tidlegare stortingsrepresentant.

12.00     Lunsj

12.30     Fagorganiser deg! Ved Michal Jan Warecki, leiar for Industri Energi Student.

13.30     Oppsummering. Korleis vil me engasjera oss vidare?

14.00     Avslutning og vel heim

Litt om det praktiske på konferansen:

– Konferansen er på Folkets hus i Sandnes, rett ved togstasjonen.

– Ein viktig del av konferansen er å bli kjent med andre SVarar. Me håper derfor at du vil vera med på middag og sosialt laurdag kveld.

– Det kostar 100 kr i deltakaravgift, og dette dekkar reiseutgifter (billegaste reisemåte, hugs å levera reiserekning) og mat (lunsj laurdag og søndag, middag laurdag, og kaffi/te og frukt). Dei som treng overnatting får også dette dekka av Rogaland SV, det gjeld i første rekke dei som kjem frå nordfylket og Ryfylke. Me dekkar då plass i dobbeltrom på hotell, som SV bestiller og betaler. Dei som ønskjer enkeltrom må betala for tillegget sjølv. Lokallaget ditt kan velja å betala deltakaravgifta for deg. Det er viktig for oss at dårleg økonomi ikkje skal hindra nokon i å delta, derfor held me deltakaravgifta så låg som mogleg.

Fotograf: Morten Berentsen