Fråsegn frå fylkesstyret i Møre og Romsdal SV: Føre var – også til havs

Publisert av: Møre og Romsdal SV Publisert: 25. mai 2020
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 2 min
«Framtida ligg i havet» er eit mantra for mange av oss når vi snakkar om nye blågrøne næringar og kva vi skal leve av etter oljen.

I tillegg til dagens fiskeri og oljeutvinning handlar det mellom anna om havvind,  gruvedrift på havbotnen, fiskeoppdrett og taredyrking til havs. Havet byr på store mulegheiter dersom vi forvaltar det med utgangspunkt i kunnskap om havmiljø, økologi og korleis ulike aktivitetar virkar inn på kvarandre. 

Vi må ikkje, i iveren etter å ta i bruk havet til stadig nye næringar, gløyme dei evigvarande fiskeressursane som vi i stadig større grad kjem til å trengje for å fylle matfata våre! 

Fiskerinæringa opplever stor og aukande konkurranse om sjøareala. Dei er ikkje i mot å sleppe andre til, men det må gjerast i samarbeid med næringa, og etter grundige naturfaglege undersøkingar. Nokre havområde, som Lofoten, Vesterålen og Senja og Mørebankane, er særleg verdfulle og sårbare gyte-, oppvekst- og fiskeområde, i tillegg til at dei er viktige beiteområde for sjøfuglane. Som vi veit, minkar enkelte artar faretruande. Andre område byr på fantastiske korallrev og andre uerstattelege naturverdiar. Desse områda må få varig vern i samband med arbeidet med marin verneplan.  

Det vert krevande å handtere summen av alle dei nye planlagde aktivitetane i norske kyst- og havområde. Kunnskapsgrunnlaget om kva følgjer desse kan få for havmiljøet, fiskebestandane og naturmangfaldet er svakt. Dersom dei nye marine satsingane ikkje bygger på kunnskap, og at det ikkje vert lagt opp til betre samordning av arealbruken til havs, kan utviklinga truge både havmiljøet og framtidig matforsyning. 

Det er snart 20 år sidan den førre Stortingsmelding nr. 12 (2001-2002) – Reint og rikt hav vart vedteken. Det har runne mykje vatn i havet sidan då.  

SV vil styrke arealforvaltninga til havs for å førebygge konfliktar mellom dei ulike interessene som vil bruke havet. Vi vil styrke forvaltningsplanane slik at dei reelt samordnar arealbruken til havs som ein samordna plan for bruk og vern av havområda våre. 

Fylkesstyret i Møre og Romsdal SV
Fråsegnen er sendt til Landsstyret i SV til behandling

Bilde: Creative Commons/MaxPixel’s contributors