Nei til uforsvarlege kutt i sjukehus og rehabilitering!

Publisert av: Møre og Romsdal SV Publisert: 04. februar 2019
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 2 min
Volda SV og Ørsta SV protesterer mot dei planlagde kutta i Helse Møre og Romsdal. Det gjer vi på vegner av pasientane, dei pårørande og dei tilsette som vert ramma dersom kutta vert gjennomførte.

Helseføretaket er pålagt å spare for å frigjere midlar til bygging av nytt fellessjukehus i Romsdal og på Nordmøre. Det skal kuttast årsverk tilsvarande 135 millionar kroner. Viktige tilbod som skal syte for gode, trygge kvardagshelsetenester når ein skal føde, når fysisk eller psykisk sjukdom eller ulukker rammar, eller når ein treng hjelp til rehabilitering, er i spel. Helseministeren toar sine hender, og overlet avgjerdene til helseføretaka, der styremedlemmer, som ikkje står til ansvar for folket, ser seg nøydde til å foreslå brutale kutt. Det kan han etter vårt syn ikkje gjere. Bent Høie er, som helseminster, generalforsamling i helseføretaka, og det er resultatet av dei økonomiske rammene som vert lagde i statsbudsjettet vi no ser følgjene av.

For oss i SV er dette enno eit døme på at den endringa det politiske fleirtalet -AP, H og FRP, partia til dei som no protesterer mest høglytt(!) – gjorde i 2001, var feil. SV stemde imot. Vi meiner framleis at føretaksmodellen må skrotast, og at sjukehusa på nytt må kome under demokratisk, folkevald styring. Sjukehus er ikkje butikk! Det handlar om menneske – om pasientar, pårørande og tilsette. Det handlar om helsetenester av god kvalitet. Skjer dette ved å kutte viktige tilbod? Vi meiner ikkje ein kan kutte seg ut av uføret. Vi trur forståinga er stor i folket for at ein må bruke ein større del av fellesskapsmidlane til helse. I tillegg bør ein sjå på fordelingsmodellen ein gong til, for å finne ut om potten er rettferdig fordelt mellom helseføretaka.

Det handlar om trygge fødetilbod og om ei psykiatriteneste som er der når folk treng det. Det handlar om spesialiserte rehabiliteringssenter som Mork senter, som har bygd opp svært god kompetanse over lang tid. Det handlar om lokalsjukehuset vårt, som enkelte gjerne vil plukke bit for bit av. Det handlar om tilsette som varslar om stort arbeidspress og aukande sjukefråvær. Kortsiktige kriseløysingar med nedskjeringar i pleiestillingar og nedlegging av behandlingsplassar vil truleg både auke sjukefråveret blant dei tilsette og gje befolkninga eit dårlegare helsetilbod!

Det handlar også om å ta dei tilsette, og spelereglane i arbeidslivet, på alvor. Om å ha respekt for lover og avtalar i det regulerte arbeidslivet. Dei tilsette må takast med på råd, og dei har heilt sikkert mange gode innspel å kome med for å gjere drifta betre. Stikkord som for dårleg grunnbemanning, for stor bruk av overtid og innleige, og bruk av mellombelse stillingar, er noko ein bør sjå nærare på i denne prosessen.

Årsmøta i Volda SV og Ørsta SV