Rosa tariffavtale no!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 19. september 2019
Oppdatert: 19. september 2019
Lesetid: ca. 3 min
Rosastreiken viser oss at anstendige løns- og arbeidsforhold aldri er vunne ein gong for alle, men må kjempast fram om att og om att. Difor er sykkelboda sin streik vår alles streik.

Rosa er ikkje ein tradisjonsrik LO-farge.  Det er raudt som til no har vore fagrørslas eigen farge. Gjennom langt meir enn 100 år.  Men no spørst det.  Dei rosa sykkelboda i Foodora har sidan 20. august vore i streik etter at Fellesforbundet og  arbeidsgjevaren til sykkelboda ikkje kom til semje om å oppretta tariffavtale.

142 sykkelbod er i streik, førebels ikkje i Bergen. På fredag vert 53 fleire tekne ut.  Det rosa har vorte raudt.  I det som vert sett på som det nye og moderne i arbeidslivet, den såkalla nye økonomien, der er kreftene som vert målte mellom arbeidstakar og (såkalla) arbeidsgjevar nett dei same som før.

Foodora er ei sykkelbodteneste som leverer mat frå restaurantar heim til kundar. Foodora har avdelingar i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø og Kristiansand. Selskapet er eigd av selskapet Delivery Hero som igjen er eigd av svensken Niklas Østberg.

Det rosa Foodora- konseptet er eit skalkeskjul for gammaldags og reaksjonær arbeidsgjevarpolitikk.  Somme kallar Foodora-modellen for ei nullstilling av arbeidslivet, attende i historia til tida før tariffavtalar, hovudavtale og ordna arbeidsforhold. Sykkelboda må sjølve kjøpa hjelm, halda og mekka sykkel – og mobiltelefon.  Løna er låg. Det er opp til kvart sykkelbod kor mykje dei vil bruka på nødvendig arbeidsutstyr som bremseklossar, dekk, hjul, hanskar, hjelm, lykter og for den saks skuld på vask og reins av arbeidsklede.

Framveksten av arbeidarrøsla kom med industrialiseringa.  Arbeidarane arbeidde på same plass, noko som gjorde mogleg organisering og dermed forhandlingar om betre vilkår. Foodora-syklistane er ikkje eit kollektiv på same fysiske arbeidsstad. Skjønar eg det rett , tinga dei mat frå eigen arbeidsgjevar for å koma i kontakt med kollegaer og informera dei om fagforeininga.  Foodora materialiserer seg altså som eit arbeidsliv av før-industriell karakter.  Den «nye» økonomien er gammal. Så gammal at mange har gløymt den.

Foodorastreiken kan faktisk bli ein tariffavtale skreddarsydd for delingsøkonomi-tilsette, skreiv Elin Ørjasæter i Nettavisen då streiken var eit faktum.  Konflikten er ein prøvestein på om norske LO kan tilpassa seg nye bransjar, men også ein prøvestein på om internasjonal online-basert verksemd i det heile er interessert i å tilpassa seg norske arbeidsvilkår.

Dei streikande og Foodora-leiinga er usamde ikkje berre om kva timeløn sykkelboda skal ha, men dei er usamde om kva løna de facto er. Dei streikande peikar  mellom anna på at dei ikkje får betalt for returen turen dersom dei leverer ei bestilling like før skiftet er ferdig. Sykkelboda i Trondheim har endå dårlegare vilkår enn bod i Oslo grunna lengre turar på over seks kilometer. Då vert timeløna altså dårlegare enn i Oslo der sykkelboda maksimalt syklar 3-3,5 kilometer for kvar matleveranse.

Syklistane arbeider frå ti timar og oppover i veka og er tilsette i gjennomsnitt i mindre enn eit år.  Å vera sykkelbod er altså ikkje ein arbeidsplass der du får gullklokke eller fortenestemedalje. Sjølve konseptet verkar til å vera rein spekulasjon i unge menneskes vilje til å jobba over-fleksibelt og annleis.  Men sykkkelboda er faktisk tilsette. Det skal Foodora ha. Konkurrentane til Foodora driv heilt utan tilsette – dei har innleigde eller sjølvstendig næringsdrivande sykkelbod. «Kontraktør»-verksemd er kjend i transportbransjonen, i byggbransjen – og i barnevernet. Kontraktør-veldet opnar opp for rå utnytting av uorganisert arbeidskraft. Det finst alltid arbeidsgjevarar som vil prøva seg på endå meir «kreative» kontraktør- og lausarbeidarsystem i eit kappløp mot botnen for arbeidsfolk.

Dersom partane kjem til semje i konflikten, vil det måtta bli ein tariffavtale som er skreddarsydd for bransjen, meiner Elin Ørjasæter. Når LO/Fellesforbundet inngår tariffavtale, vil det forplikta dei til ikkje å inngå dårlegare avtalar med andre bedrifter i same bransje.  Sykkelbod-streiken i Foodora kan altså setja ein lønsstandard også for konkurrentane. Eller kjem Foodora til å forsvinna som verksemd og overlata marknaden til kontraktørkonseptet?

Eg heiar veldig på dei rosa sykkelboda og på Fellesforbundet.  Denne streiken må vinnast, slik at også sykkelboda kan få ei løn å leva av og ein dag å leva med.  Sykkelboda skal også ha betalt slik at dei kan sjå framtida trygt i møte.  I Noreg skal du ha regulert arbeidstid og løn. Arbeider du 37,5 timar for veka skal du ha råd til medkvart å kjøpa deg heim, forsørgja born, reisa på ferie og eta ute ender og då. Du skal ha det utstyret du treng for å gjera jobben din, og du skal vita at du har inntekt og tryggleik sjølv om du vert sjuk eller skadd.  Dei fleste av oss tek dette for gitt.  Men det er slett ikkje «gitt», det er kjempa fram av den organiserte arbeidarrørsla.

Rosastreiken viser oss at anstendige løns- og arbeidsforhold aldri er vunne ein gong for alle, men må kjempast fram om att og om att. Difor er sykkelboda sin streik vår alles streik. Nett no er rosa det nye raude.  Rosa tariffavtale – no!

Oddny I. Miljeteig