Røyst mot fattigdom!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 04. september 2019
Oppdatert: 04. september 2019
Lesetid: ca. 4 min
Den beste motgifta mot fattigdom og sosial utstøyting er å systematisk å arbeida mot forskjellar i makt og rikdom. Dei som har minst, treng ikkje velgjerd, men rettferd.

Vi må aldri gje oss på kampen mot fattigdom. Vi må aldri gje oss før Bergen er ein by utan fattigdom. Må det kan hende bli sosialisme i Bergen før byen vår vert utan fattigdom? I alle fall er eit klasselaust samfunn eit samfunn der alle yter etter evne og får etter behov – og der ressursane vert styrte demokratisk av folk i fellesskap.  Bergen i dag er ein god by å leva i – for mange av oss. Men Bergen er også ein by med store klasseskilnader, med sosial naud og fattigdom. I byutvikling og bustadpolitikk er det utbyggjarane som vert prioriterte framfor innbyggjarinteresser, og velferdsprofitørar gjer seg rike på fellesskapen sin kostnad.  Samstundes har vesentlege delar av fellesskapseigedommen vorte seld på billegsal og er ikkje lenger under demokratisk styring. Då Forum kino vart seld i 2006 – og så vidareseld etter eitt år, tente nokon seg rike på det siste salet. Sju millionar selde Høgre-byrådet for, eitt år etter var gevinsten 26 millionar kroner For dei som hadde kjøpt på billegsal.  Det er ikkje til å tru. Gevinsten kunne ha gjeve mange fattige eit lyft, faktisk!

Den beste motgifta mot fattigdom og sosial utstøyting er å systematisk å arbeida mot forskjellar i makt og rikdom. Dei som har minst, treng ikkje velgjerd, men rettferd. Behovsprøving er klassestatens og klassekommunens stigmatiserande svar på sosial naud og fattigdom.  Aktivitetskort berre for born av fattige forsørgjarar er stigmatiserande. Aktivitetskort for alle born, anten det er kommunen eller foreldre som syter for at det er pengar på kortet, det er sosial rettferd. Gratis internett for fattige familiar, er ikkje det ei god ordning? Svaret mitt er at det hadde vore mykje betre å syta for at sosialhjelpa var på eit slikt nivå at også ein fattig familie hadde kunna betalt sjølve.  Ville ikkje sosialhjelpsfamiliar ha prioritert borna sine med internett, trur du? Det ville dei! Det har vi forsking som viser. Foreldre prioriterer borna sine så ettertrykkjeleg at det jamvel går ut over foreldra sine behov for mat og klede. Det er Bergen og Noreg anno 2019.

Fattige i Bergen har ikkje tid til å venta på det klasselause samfunn. Ein sosialt rettvis politikk som prioriterer dei som har minst, det er vegen som er ein del av målet. Vegen må alltid vera ein del av målet. Kan hende det er ein del-definisjon på demokrati, også?

Måndag er siste dagen du og eg kan røysta ved kommuneval, fylkestingsval og kyrkjeval.  Siste dagen på fire år. Det hjelper ikkje å angra seg når ein har sleppt røystesetelen i urna. Når ein har valt, får ein ikkje velja på nytt før om fire år. Det kan bli lenge å venta. Klimaet har ikkje tid til å venta i fire år på høgst tiltrengde tiltak. Naturmangfaldet ikkje heller. Ikkje dei eldre. Og slett ikkje dei fattige. Det nyttar ikkje å utsetja solidaritet.  Stemmer du på eit parti som ikkje vil prioritera eldreomsorga knallhardt, så kan det vera di mor eller bestemor som må venta lenger på heimeteneste, heimesjukepleie eller sjukeheim.  Enn dei psykisk utviklingshemma – greier Bergen å få vekk bustadkøen i neste bystyreperiode?

I går kunne vi høyra finansministeren seia på radio at eigedomsskatte-promillen skal ned til fire promille.  Javel? Merk deg, ho sa ingenting om korleis kommunane skal kompenserast for bortfallet av eigedomsskatten. Dei fattige nemnde ho slett ikkje – fattigdom stod ikkje på blokka!

Det har vore eit øyredøvande spetakkel frå regjeringsmedlemer og –parti i det seinste.  Møk og brungrums har vore kasta opp i veret som om det skulle ha hjelpt på bondens avlingar til neste år. Faktisk måtte statsministeren ut måndag og seia at den slags ikkje var regjeringas politikk. Nehei? Det var då endå. Men så travelt har regjeringsmedlemer hatt det med politisk møkaspreiing at dei ikkje eingong har hatt tid til utspel om meir tvangsarbeid for sosialhjelp – eller «aktivitetsplikt», som dei yndar å kalla det i dei fleste regjeringspartia.

Fattigdom er alltid å ha for lite pengar. Fattigdom er tvang. For vaksne og for born. Fattigdom held dei fattige nede i ein kvardag der alt handlar om å ha pengar til å overleva neste dag og neste veke. Fattigdom øydelegg sjølvkjensle, kreativitet og livsglede. Fattigdom er motløyse, skam, øydelagd psykisk helse og framtidsvon. Born som veks opp i fattigdom har dårlegare livssjansar enn andre born, tek del i færre aktivitetar og har større risiko for å falla ut or vidaregåande opplæring. Born som veks opp i fattigdom har fleire helseplager og får dårlegare helse og livskvalitet også som vaksne.  Fattigdom går i arv – i generasjonar. Eit slikt samfunn skal vi ikkje ha. Fattige menneske må få ein økonomi som gjer at dei kan ha ein kvardag utan suta for neste vekes mat på bordet. Fattigdom motiverer ikkje til å finna krefter til å koma seg ut  i arbeid. Fattigdom er arbeidslinas bakside. Fattigdommen tek dei kreftene menneske skulle ha til å søkja ein veg ut or fattigdom. Då må det finnast eit hjelpeapparat som ser den einskilde og legg til rette for at ein kan få prøva seg, ikkje berre ein gong, men fleire.

Alle mine 16 år som leiar for SVs bystyregruppe har mi fremste hjartesak vore kampen mot fattigdom og for sosial rettferd.  Det gler meg stort å sjå at når eg no skal gje meg, så fører Mikkel Grüner og dei andre kandidatane kampen vidare. Målet for den bystyreperioden som straks står for døra, er at ingen skal måtta leva for lågare inntekt enn den Forbruksinstituttet SIFO har rekna ut for eit hushaldsbudsjett med rimeleg forbruksnivå. Sjølv om staten er den som har flest verkemiddel mot fattigdom, betyr valet måndag også mykje for ein samla fattigdomspolitikk. Vi må røysta mot fattigdom, kjenner eg. Valet er ditt på måndag som kjem. Godt val!

Oddny I. Miljeteig