Hatets og vondskapens glør

Publisert av: Oslo SV Publisert: 14. august 2019
Oppdatert: 14. august 2019
Lesetid: ca. 4 min
Når det kjem til hat-ytringar og rasisme, finst det ikkje noko reservelag på benken. I denne kampen er vi alle med, kvar dag. Morgon, middag og kveld. Vi bestemmer alle kva lag vi er med på.

Høgreekstremistisk terror har råka Noreg – igjen. Laurdag gjekk 21 år gamle Philip Manshaus til åtak på Al-Noor Islamic Centre på Skui i Bærum. Manshaus er fødd og oppvaksen i Noreg og er norsk statsborgar. Takk vere motige og snarrådige menn i moskeen vart ingen drepne der.

Den terrorsikta mannen tok likevel liv . I deira felles heim skaut og drap han den adopterte stesyster si.  Ho var stemora si dotter, adoptert frå Kina som toåring.

Politiet seier at åtaket på moskeen var planlagt. Motivasjonen var terror og å råka den muslimske befolkninga i Noreg.  Når det gjeld drapet, seier politiet så langt at motivet er uklårt. Fungerande einingsleiar Rune Skjold ved Oslopolitiet uttalar til Aftenposten at 21-åringen har hatt ekstreme holdningar og eit framandfiendsleg syn på innvandring. Han har ytra sympati med Vidkun Quisling, Noregs fremste nazist gjennom tidene.

Politiets tryggingsteneste, PST, stadfeste måndag at dei for eitt år sidan fekk tips om den terrorsikta mannen. Medelevar ved folkehøgskulen han gjekk på har uttrykt at dei ikkje er overraska over det 21-åringen no har gjort. Tipset til politiet for eitt år sidan vart oppfatta som vagt, og det vart lagt til sides. No seier visepolitimeister i Oslo politidistrikt at politiet den gongen kunne ha gjort meir – men at det er krevjande å fylgja opp slike saker.

Er politiet framleis blinde på høgre auga? Eg skriv med 22. juli i tankane.  I  2011 var det islamistisk terrorisme som stod øvst på PST sin dagsorden. Det var ei fatal feilvurdering.  Den gongen og no er det frå høgreekstreme dødbringande åtak har funne stad i Noreg.  Drapet på Benjamin Hermansen var målretta bestialitet.  Nikolai Kvissler, som vart dømd for drapet,  drog til med-nazistar straks han hadde sona ferdig dommen.  Høgreekstreme miljø finst fysisk, og dei finst på nettet. 

Ekstremismeforskar Lars Gule er ikkje overraska over det nye terroråtaket i Noreg. Det er heller ikkje Lasse Josephsson som skriv bok om internettkultur.  Berre timar før åtaket la Manshaus ut ei melding på to nettforum som er gjennomsyra av høgreekstremt tankegods og valdsoppfordringar.  Brenton Tarrant, som skaut og drap 51 menneske i to moskear på New Zealand i mars, førehandsannonserte åtaket og la ut eit manifest på eit høgreekstremt nettforum.  Han skal ha vore «inspirert» av vår heimlege 2011-terrorist, og målet hans var at fleire skulle utføra massedrap etter han.  No har Tarrant fått sin norske «copycat.» Kvar einaste aksjon etter Tarrant er ein måte å «senda stafettpinnen vidare på,» seier Lasse Josephsson.

Den terrorsikta 21-åringen har inga kjend tilknyting til høgreekstreme personar i Noreg eller Norden, men PST plasserer han i ein annan kategori, skreiv Klassekampen i går: «Et høyreekstremt miljø som opererer blant likesinnede i ulike forum på nettet.» PST har fylgt opp fleire nordmenn i same kategori og varsla i sommar om ei negativ utvikling i høgreekstreme miljø og nettforum. Josephsson ser fleire valdsoppfordringar enn før og viser til alt-right-rørsla i USA som går ut i gatene til åtak på motstandarar.  Høgreekstrem vald og terror smittar.  Etter Christchurch-åtaka i vår skal PST ha skjerpa si vurdering av av høgreekstreme trugsmål mot Noreg.  Det var altså på høg tid.

Muslimar er ei målgruppe for dei høgreekstreme. I 2011 såg vi at Arbeidarpartiet var ei.  Ekstrem forakt for kvinner, og kvinnehat, spelar ei viktig rolle i høgreekstrem nettkultur og terror.  Christchurch-terroristen skreiv i «manifestet» sitt om fallande fødselsratar i vestlege land og knytte dei til feminisme og kvinnefrigjering i Vesten. Ein kjenning av den terrorsikta frå Bærum sa til TV 2 at Manshaus hadde ytra tydelege kvinnefiendslege holdningar, mellom anna at kvinner burde halda seg på kjøkenet og liggja unna arbeidslivet.  I «manifestet sitt stempla Behring Breivik kvinner som fiendar og formulerte omgrep som «kvinners manipulasjon» og feminiseringen av europeiske menn.» Koplinga mellom høgreekstremisme og kvinnehat er utvikla ekstremt raskt dei siste åra. «Nå ser vi at incel-bevegelsen (menn i ufrivillig sølibat) har eksplodert og blitt en del av høyrekstremismen på nett,» sa journalisten Lisa Bjurvald i Klassekampen i går. Ho trekkjer fram det dødelege åtaket mot eit yoga-studio i Florida i fjor der ein sjølverklært «incel»-terrorist drap to kvinner og skadde fleire.

Den offentlege samtalen, også i Noreg, har vorte råare, meir polarisert og meir hatefull. Debattane om innvandring og integrering er prega både av islamofobi og hat, endå meir i lukka nettforum, men sanneleg nok også i opne. Utsegner om flyktningar som annanrangs menneske finn vi både i regjeringa og i regjeringsparti – og like til topps i Det kvite hus i USA.  Ord er fårlege. Ein stigmatiserande og hatefull debatt forhindrar ikkje rasisme og terror, tvert om! Ord vert handling  om vi ikkje går ekstremismen midt imot. Difor leverte SV før sommaren inn eit forslag om at Noreg må få ein eigen handlingsplan mot islamofobi etter mønster av handlingsplanen mot antisemittisme som vi allereie har.  AP seier no at dei vil stø SV sitt forslag, og statsministeren seier ho er open for ein slik handlingsplan.  Ein handlingsplan er ikkje nok i seg sjølv. Men: Ein handlingsplan kan setja ned naudsynte stabbesteinar og utfordra både styresmakter og oss som borgarar på kven sitt lag vi er på.  Handlar vi i humanismens namn, eller pustar vi til hatets og vondskapens glør?  slik Arnulf Øverland skreiv så manande i diktet «Du må ikke sove.»

Når det kjem til hat-ytringar og rasisme, finst det ikkje noko reservelag på benken.  I denne kampen er vi alle med, kvar dag. Morgon, middag og kveld. Vi bestemmer alle kva lag vi er med på.

Oddny I. Miljeteig