Skulemat på alle fat

Publisert av: Oslo SV Publisert: 07. august 2019
Oppdatert: 07. august 2019
Lesetid: ca. 4 min
No er det dags for gratis og næringsrik skulemat i heile Noreg. Det meiner no eg. Og det er på tide å permittera nisteboksen og innføra skulemat på fat.

Ein gong i førre årtusen var eg på interrail og på veg med tog nordover frå Hellas. Det var gammaldagse kupear, og inn i kupeen eg sat i toga ein heil familie. Det vart nett plass til oss alle. Familien hadde ikkje site lenge i kupeen før dei pakka opp til lunsj. Og for ein lunsj! Det var ei heil høne, det var ost, det var tomatar, det var brød. Dei delte med dei to stakkars nordbuarane som sat der med kulerunde augo. Eg hugsar det som eit herremåltid, langt unna brødskjeveveldet med sveitt ost frå min kvardag.

På skulen heime i barndomsfjorden hadde vi langfriminutt slik at dei fleste kunne gå heim og eta middag. Eit varmt måltid, altså.   Eg hadde skuleveg på over to kilometer og hadde med matpakke. Og saft. Eg lika ikkje mjølk. Eg fekk den rett og slett ikkje ned. Så einebarnet fekk med saft. Heimelaga saft og slett ikkje usunn, vil eg meina. Brødskjevene var det verre med. Eg trur eg hadde sukker på ofte. Eller spekjepølse.  Og ost. Ja, det var vel sukkeret som var usunt, då.

Eg høyrer til det partiet som lengst har kjempa for skulemat. Og som vi i SV har fått tyn for det! Ein skulle tru at vi ville innføra kommunisme, med vald, over natta – av di vi altså er for gratis skulemat.  Det er ein pussig ting.  Mest heile Europa elles har skulematordningar. For ti år sidan vart det sagt at det var berre Noreg og Albania som ikkje hadde skulematordning. Så hadde visst heller ikkje Romania og Nederland. Og ikkje Danmark. Då.

I Sverige har kommunane spandert skulemåltid sidan 1940-talet.  I Finland, som plar toppa PISA-testar og den slags, der har skuleelevane fått skulemåltid sidan 1948. Varm mat. Tilleggsmåltid ved lang dag. Matpakke er forbode i Finland.  I Danmark har dei sidan 2007 hatt foreldrebetalt skulecatering.  I USA har offentlege skular hatt skulelunsj sidan 1946, skulefrukost sidan 1966. Skulane får økonomisk støtte, og familiar med låg inntekt får gratis mat. Italia og Skottland nyttar lokalt jordbruk og næringar i skulematordninga.  I Frankrike har dei foreldrebetalt trirettars lunsj. Tyskland, Tsjekkia, Polen og resten av Europa har ulike ordningar, men alle landa skal ha varm lunsj. I meir enn 70 utviklingsland i Afrika, Asia og Latin-Amerika vert det servert gratis skulemåltid.  Skulematen består av graut, ris eller bønner og vert finansiert av Verdas Matvareprogram.

Noko av det gildaste eg veit, er å sitja rundt bordet med eit måltid mat. Det treng ikkje vera stor kokekunst som står på bordet, men det må smaka godt. Og då meiner eg godt. Eg likar så godt å sitja rundt bordet at det hender gjestar hos oss sjølve må orda frampå om at vi skal setja oss i sofaen.  Det er då godt med byte av sitjeplass, må vita. Og vi sit då samla rundt sofabordet også.

I barndomsheimen hadde vi varm mat til middag fast og ofte varme middagsrestar til kvelds. Kanskje det er frå den skikken at eg er så glad i poteter? Eg kunne ha ete poteter til alle måltid utanom frukost, alle dagar. Det er eg temmeleg viss på.

I slåtten på varme sommardagar hadde vi ofte spekjemat med kalde eller lunka poteter.  Då vi hadde det som varmast her for litt sidan, tok vi oppatt tradisjonen.  Det var altså knallgodt.  Og ikkje berre nostalgi for mor i huset.

Men det var altså skulematen, den som her i landet vekkjer dei største og mest lidenskapelege diskusjonar. Denne regjeringa kutta ut frukt og grønt, medan EU-kommisjonen i 2017 vedtok å gje alle grunnskuleelevar i EUs 28 medlemsland mjølk, frukt og grønsaker på skulen. EU-kommisjonen, altså. Med «Kinder, Kirche, Küche»-land så det held. Med atskilleg færre kvinner i lønsarbeid.  Og EU er på ingen måte revolusjonens fortropp. Snarare reaksjonen, vil eg seia. Men i EU-landa er det få som har med matpakke med to sveitte brødskiver og brunost.  Dei har ein annan matkultur.

Tre prosent av norske skuleborn har ikkje med seg matpakke, les eg. Det betyr ikkje at alle born har med seg sunn matpakke.  Dess eldre borna blir, dess fleire av dei kastar matpakken, dessutan.  I eit folkehelseperspektiv vil gratis skulemåltid kunna gje store gevinstar, også økonomisk,  og førebyggja fedme og diabetes. Faktisk.  Gratis skulemat vil utjamna sosiale skilnader, slik mellom andre tidlegare barneombod Reidar Hjermann har påpeika det. Læring og næring høyrer saman, uansett kva den politiske høgresida seier.  Ingen lærer godt på tom mage, eller på bollar og brus. Den (manglande) norske matkulturen er ikkje konkurransedyktig. Oslo-frukosten frå 1950-talet var meir moderne enn den politiske debatten i dag. Spør Ragnhild Hedemann, ho som var gruppeleiar før meg i Bergen bystyre! Ho har fyrstegrads kjennskap til Oslo-frukosten. No er det dags for gratis og næringsrik skulemat i heile Noreg. Det meiner no eg. Og det er på tide å permittera nisteboksen og innføra skulemat på fat. Eldste barnebarnet mitt er tre år. Ho må no vel få oppleva skulemåltid, veit eg?

Oddny I. Miljeteig