Forskjellsmaskinen

Publisert av: Oslo SV Publisert: 26. juni 2019
Oppdatert: 26. juni 2019
Lesetid: ca. 4 min
Det er inga naturlov at bustadmarknaden må vera ein forskjellsmaskin. Ikkje viss vi får ein reell tredje bustadsektor som ikkje er styrt av profitt.

Bustadmarknaden er ein forskjellsmaskin. Så brutalt er det. Viss ikkje vi har ein sosial bustadpolitikk og ei sosial bustadbygging, nasjonalt og lokalt, er det marknaden som rår. Og marknaden skaper altså ikkje sosial rettferd. Ingen marknad gjer det.

Alle treng ein stad å bu. Å kunna bu trygt i sin eigen heim er den mest grunnleggjande tryggleiken vi treng etter helse og ein trygg økonomi. I vår by og i vårt land er diverre  ikkje retten til ein heim overordna politikk. I Noreg tener somme seg rike på å eiga mange bustader, andre får aldri sjansen til å eiga sin eigen heim. Kven som har ein trygg heim til ein pris som er til å leva med, det er eit klassespørsmål. I Bergen og i Noreg.

Skal vi få nok bustader og med det nok bustadbygging til prisar folk har råd til, må det politisk styring til.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at stadig færre nordmenn med låg inntekt har råd til å kjøpa sitt eige husvære: « Andelen husholdninger som eier egen bolig, har falt de siste årene. Nedgangen er størst blant husholdninger med utsatt økonomi. 76,8 prosent av husholdningene i Norge eide boligen sin i 2018. Dette er en liten nedgang fra 2015, da 77,5 prosent eide boligen. Det er imidlertid store forskjeller i eierandeler etter inntekt, og nedgangen er størst blant husholdninger med lav inntekt», seiest det i rapporten.

Bustadmarknaden i Noreg fungerer for dei som har godt med pengar, for dei som er inne i marknaden – og for dei som har arvepengar eller arvebustad, evt.  har arva pengar etter sal av foreldre- eller besteforeldrebustad.  Bustadmarknaden fungerer ikkje for dei som har minst pengar og mottek bustøtte.  Rådgjevar Mathias Killengren Revold i Statistisk sentralbyrå sa heilt nyleg til Aftenposten at det er nokså stor skilnad mellom dei med høg og dei med låg inntekt. Det føreset rett og slett nokså høg inntekt å koma inn på bustadmarknaden!

SV foreslår no at Stortinget skal be regjeringa kopiera Danmark og laga ei eiga «lov om allmenne boliger.» Det vil seia ein tredje bustadsektor utanfor marknaden.  I ein slik tredje bustadsektor vil bustadbyggjelag eller kommunar byggja og leiga ut bustader til andre vilkår enn den kommersielle leigemarknaden.  I den tredje sektoren kan folk få ei god, trygg buform og bu med langsiktige avtalar.  Den tredje sektors bustader må byggjast alle vegar, i ein miks av blokk, einebustader og rekkjehus.

Skal vi få til ein slik tredje bustadsektor, må det lagast ein nasjonal bustadplan for bustadbygging  med Husbanken til å syta for ein meir rettvis bustadmarknad.  Plan- og bygningslova må endrast til at det kan stillast krav om at det skal vera ein andel rimelege og sosiale bustader i alle nye bustadprosjekt.

I Bergen må Bergen tomteselskap stå opp frå oska som ein fugl Føniks og bli ein stor aktør i bustadmarknaden. Slik vil Bergen kommune kunna ta større omsyn til innbyggjarane enn til kommersielle utbyggjarar.  Alle kommunale verksemder på bustadområdet må samlast i ein eigen etat som kan utføra sosial bustadbygging og –eigedomsforvaltning.  Kva med å innføra løysingar for delt eigarskap slik at kommunen kan stilla som garantist og medeigar for personar som kan betala ned eit bustadlån men manglar eigenkapital? Og kva med å skipa fleire «leige til eige»-prosjekt for unge bustadsøkjarar? Trengst det eit eige prosjekt for bygging av rimelege allmenne ungdomsbustader?

For å fart i den ikkje-kommersielle bustadmarknaden, må Bergen kommune ta eit krafttak når det gjeld bygging av bustader. Skal det mona, må vi som kommune byggja 100 kommunale bustader årleg dei neste ti åra.  Intensiverer staten bygginga av studentbustader i tillegg, skulle vi kunna sjå endringar år for år.

Når det gjeld kommunale bustader, er det hårreisande at kommunar tek utbyte av innbetalte husleiger. Alt overskot må gå til opprusting av dei kommunale bustadene ( i tillegg til vedlikehald – og bygging av nye utleigebustader).

Den norske bustadmarknaden er faktisk blant dei minst regulerte i Europa.  I mange land er det også meir vanleg å leiga langsiktig enn det er her i Noreg. Her står sjølveigarprinsippet umåteleg sterkt. Ikkje å eiga sin eigen heim i vaksen alder er næraste eit fattigdomsmerke hos oss. Når vi har ein frisleppt bustadmarknad, vert det korkje bygd nok bustader eller ein variert bustadmarknad. Vi ser til dømes at kommersielle selskap held attende bygginga av godkjende bustadprosjekt til pris og profitt er «dei rette.»  Slik kan det gå årevis utan at sårt tiltrengde bustader vert realiserte. Spør du meg, burde kommunane i så fall kunna gripa inn og ekspropriera desse tomtene.

Det er inga naturlov at bustadmarknaden må vera ein forskjellsmaskin.  Ikkje viss vi får ein reell tredje bustadsektor som ikkje er styrt av profitt. Det er slett ikkje ei naturlov at ein regulert bustadmarknad og aktiv sosial bustadbygging vil føra til ghettoutvikling eller utviklinga av ein grå marknad med «pengar under bordet.» Men ein uregulert bustadmarknad er ein forskjellsmaskin. Det er det vi ser dei usosiale konsekvensane av i vår by og i vårt land. Det har vi rett og slett ikkje råd til om vi vil ha eit land med sosial rettferd og små sosiale forskjellar.

Oddny I. Miljeteig