Klokkene ringjer – for oss

Publisert av: Oslo SV Publisert: 08. mai 2019
Oppdatert: 08. mai 2019
Lesetid: ca. 4 min
Korleis kan vi gjera naturen i Bergen meir levedyktig? Korleis kan vi stoppa å leggja jordbruksareal under asfalt og bygg? Korleis kan vi produsera meir mat? Det er minsanten den livsviktige lokale valdebatten alle vi partia no bør kappast om å ta.

Har du sett humla i år? Eg har. Heime på Tøsse i påska såg eg nokså mange eksemplar av arten. Før tykte eg humla var noko herk som det var om å gjera å veifta hardhendt vekk. No, derimot, ser eg på humla med omsorgsfulle augo og ynskjer nærast velsigning over kvar og ei. Utan humler og bier står livet på jorda i fåre, ja, også vi menneske. No har EU funne på at dei skal utplassera sjukdomsbefengde bikubar i Noreg i sesongen. Vi har mykje sunnare bier. Så det får vera måte på. EU får halda biene sine for seg sjølv og setja alt inn på å gjera dei sunne. No ropar FN varsku. Om alt liv på jorda. Nei, vi kan ikkje trekkja på skuldrene av det. Ikkje vi og ikkje nokon andre.

Vi er i ferd med å øydeleggja vårt eige livsgrunnlag. Basta. Vi må handla. Basta. Vi må handla lokalt. Basta. Vi må handla globalt. Basta.

FNs naturpanel IPBES (Intergovernmental Platform on Biodiversity and Ecosystem Services) la måndag ettermiddag fram ein av dei mest omfattande rapportane om naturens tilstand. Meir enn 150 forskarar frå 50 land har gått gjennom eksisterande forsking om tilstanden i naturen verda over, og resultatet er dramatisk.

Økosystema i verda vert reduserte i raskt tempo, og tempoet i forfallet aukar stadig. På land, i vatnet og i lufta har den menneskelege aktiviteten auka kolossalt. Livsgrunnlaget for mykje av livet på jorda er i fåre. Ein million artar – av åtte millionar – står i fåre for å døy ut fullstendig, mange på få tiår. Dei viktigaste årsakene er arealendringar, bruk av hava, klimaendringar, forureining og spreiing av framande artar. Forskarane skriv at tilgangen på mat og reint drikkevatn vil bli dårlegare dei neste tiåra – samstundes som folketalet veks raskt.

Det einaste som kan stogga utviklinga, er at heile verdas økonomi vert lagd om drastisk. «Alle bærekraftige utviklingsbaner innebærer å styre vekk fra dagens paradigme om økonomisk vekst,» konkluderer forskarane (Klassekampen i går).

Jordbruk, skogbruk og urbanisering er til saman dei største og viktigaste trugsmåla mot økosystema på landjorda. Dei siste femti åra har 23 prosent av all tilgjengeleg landjord i verda blitt mindre produktiv – på grunn av den harde bruken som gjer at livet i jordsmonnet er redusert.

Jordbruket har også store konsekvensar for livet i sjøen. Kunstgjødsel i landbruket både utarmar jorda og forureinar havet. Om lag 400 kystnære havområde er no tomme for liv. Årsaka er kunstgjødsel som har runne ut i havet og tømt det for oksygen.
Saman med klimaendringane vil tapet av økosystem over heile kloten gjera mattryggleiken dårlegare. Og eit eige døme: Heile 70% av kreftmedisinene i verda er anten henta frå naturlege kjelder eller er syntetiske produkt inspirert av naturen. «Naturen, gjennom sine økologiske og evolusjonære prosesser, opprettholder luftkvaliteten, reint vann og jordsmonnet som menneskeheten er avhengig av,» skriv forskarane. Dei legg til at meir enn 75 prosent av alle matvekstar i verda er avhengige av pollinering. Frukt, mange grønsaker, kaffi og neter er avhengige av insekt for å kunna formeira seg. Dei siste tiåra er insektbestanden i verda kraftig redusert, men det globale omfanget er ikkje kjent.

Kan vi så unngå kollaps i naturen og økosystema – og i så fall korleis? Forskarane har sett på ei rekkje scenario. Dei einaste som ikkje føre til kollaps i mange store og viktige økosystem, inneber omfattande omlegging av verdsøkonomien. Menneska må ikkje bruka opp for mykje av naturressursane. Vi må verna natur, og vi må regulera fiske, jord- og skogbruk og redusera ressursbruken i mange delar av verda.

Forskarane skriv at alle senarioa som unngår økologisk kollaps «innebærer en endring i definisjonen på hva et godt liv betyr –å kople ideen om et godt liv fra et stadig økt materielt forbruk.» (Klassekampen) Samstundes handlar løysingane om å fordela goda betre, seier rapporten. Ei jamnare fordeling av naturressursane er ein føresetnad skal verda greie overgangen til ein berekraftig økonomi. Transporten både av folk og varer må reduserast. Den globale verdshandelen har lagt eit stort press på økosystema i verda. Det har også turismen, som i dag veks svært raskt i eit globalt perspektiv.

Jorda viser altså si tolegrense. Og eg kan ikkje anna enn tenkja på gruveslammet som er planlagt å tyna liv i både Førdefjorden og Repparfjorden, på alt jordbruksland som framleis vert lagt under asfalt og nytta som byggjeland, på monsterbruer som Hordfast og fire felt motorvegar over heile Stord og i Bergen. Det er ikkje berekraftig. Ikkje. Vi er ikkje av dei verdas land som er hardast ute, men det kjem ikkje til å hjelpa. Sjølvforsyningsgraden vår, og ja, eg snakkar om mat, er ikkje eingong på 50 prosent. Og berre tre prosent areal er eigna som matjord. Det er prikkyrande lite. Lofoten er siste store fødestova for torsken. I verda.

Vi er inne i lokalvalkampen. Korleis kan vi gjera naturen i Bergen meir levedyktig? Korleis kan vi stoppa å leggja jordbruksareal under asfalt og bygg? Korleis kan vi produsera meir mat? Det er minsanten den livsviktige lokale valdebatten alle vi partia no bør kappast om å ta. Viss ikkje, kan klokkene koma til å ringja for våre born og barneborn. Så alvorleg er det.

Oddny I. Miljeteig