Nabolagsby mot rotløyse

Publisert av: Oslo SV Publisert: 21. mars 2019
Oppdatert: 21. mars 2019
Lesetid: ca. 3 min
Rett til barnehage i skulekrinsen set borna fyrst – slik som i grunnskulen. Barnehage i skulekrinsen kan vera sjølve botnplanken i nabolagsbyen.

Noregs nest største by. På veg mot 300.000 innbyggjarar. Det er ikkje småtteri. I norsk samanheng altså nest størst. I internasjonal samanheng kan vi no vera mest som ein landsby å rekna, men vi breier oss på flateområde som er større enn mange millionbyar. Bergen er ikkje berre Bergen, vi breier oss over bygrensene også, til Sotra, til Os, til Askøy og endå lengre. Suburbia på bergensk er grannekommunane.

Når eg ser bilete eller film frå New York eller Shanghai, så tenkjer eg ofte, reint intuitivt, at der kan då ingen kjenna kvarandre. Eg kjenner framandgjeringa heilt ned i magen. Det er jo ikkje rart, når ein tenkjer på oppveksten min med ein (nedlagd) grannegard og to og ein halv kilometer til næraste veninne.

Så vart det faktisk storbybebuar av meg, fyrst som student i Bergen og Oslo, seinare som fastbuande. Eg trivst godt i byen, eg, og har kjent meg heime i Bergen frå tidleg av. Men så vart det ei grunnleggjande endring i tilhøyrsla mi då eldste sonen min byrja på skulen, på Kronstad skule. Nærast frå fyrste skuledagen til Ola kjende eg meg som kronstadbebuar. Vi snakka med andre foreldre då vi henta på SFO, vi helsa og var på nikk med foreldre om morgonen, det var foreldresamlingar, julesamling og årsavslutning og meire til. Og ikkje minst 17. mai! 17. mai på Kronstad skule er nærmiljøsamling, eller, som eg vil peika på i denne spalta, nabolagssamling. 17. mai med skulekorpset, leikar for borna, dugnadsbakte kaker å få kjøpt – og åresal. Altså, dette er nabolagsbyen på sitt aller beste! Vi møtest med naboar og med-foreldre i år etter år, og når vi har slutta å ha born på skulen, ja så er vi på hels likevel.

I skulen møtest alle og alle slags born frå skulekrinsen. Heldigvis møtest borna med den fellesskapen at dei høyrer til same nabolag. Dei høyrer ikkje til ei spesiell tru eller ei sosial gruppe. I fellesskulen, nabolagsskulen, møtest born med foreldre som har ulik inntekt, ulik geografisk bakgrunn, ulike yrke. Fellesskulen, nabolagsskulen er det som bind saman, som lagar den næraste grensa for tilhøyrsle. Ein eldre mann spurde ei lita skulejente: «Er det mange utlendingar på skulen din?» «Nei», svara veslejenta, «på min skule er det berre born.»

Det geniale med skulenabolaget er at det er oversiktleg nok til å kjenna tilhøyrsle. Ein møter kjende andlet på gata og på butikken. Det er trygt. «It takes a village to raise a child.» Nabolaget er oppvekstmiljøet. I nabolaget blir det lagt ned uteljelege årsverk i friviljug arbeid, det vere seg i skuletilknytte aktivitetar, i kyrkjelydsaktivitetar og ikkje minst i idretten. Kor mange langpannekaker vert laga kvart år i ein skulekrins til all verdas foreiningsmøte og tilskipingar? Det skulle ha vore artig å vita.
Skuleborn er bufaste born. Dei går in nærmiljøet i grunnskulen, mange gjer det også på ungdomsskulen og jamvel i vidaregåande. Men ikkje barnehageborna. Dei minste har slett ikkje same retten til å gå på barnehage i skulekrinsen som skuleborn. Det er eigentleg veldig rart om vi tenkjer på kven som skulle ha mest behov for minst mogleg transport – og mest mogleg nærmiljø. Vi venstresosialistane går inn i neste bystyreperiode med mål om at alle barnehageborn må få rett til å gå i barnehagen i skulekrinsen sin, det vil seia i grannelaget sitt. Det må jo så definitivt vera det beste for småttane! Barnehage i skulekrinsen, kanskje i oppveksttun med grunnskulen? På Gimle skule er det både ungdomsskule og barnehage. Der er det plass til begge delar.

Rett til barnehage i skulekrinsen set borna fyrst – slik som i grunnskulen. Barnehage i skulekrinsen kan vera sjølve botnplanken i nabolagsbyen. Bergen er stor, bydelane slik vi kjenner dei er også store – men skulekrinsen er heimebyen vår. Inntil for få år sidan hadde vi stemmelokale i Gimle skule, no har vi i Haukelandshallen like bortom. Gåavstand til begge. Ikkje alle har det. Men i nabolagsbyen ligg det meste daglege i gåavstand; barnehage, skule og (post i) butikk.

I heile den vestlege verda kjenner vi på rotløyse og framandgjering, og vi vert påminte så altfor ofte kva det kan føra til når menneske ikkje har tilknyting til sitt sosiale miljø. Eg meiner ikkje å seia at menneske vert vaksinerte mot ekstremisme ved å veksa opp i eit inkluderande nabolag, men jammen om det hjelper!

I Noreg har fellesskulen den store styrken at direktørdottera går saman med døtrer av folk flest. Overklassen murar seg ikkje bokstaveleg tala inne i vårt land. Born på tvers av klassar har fleire felles referansar. Og møtest for den del på butikken. Somme nabolag er både blendakvite og sosiale ghettoar. Men for det meste lever vi i blanda nabolag, der born går saman med «berre born» i skulen.

Nabolagsbyen er den grøne byen med mindre daglege transportbehov. I nabolagsbyen går vi meir enn vi køyrer bil. Nabolaget er kvardagsbyen. Og best av alt: Nabolagsbyen er småbarnsbyen. Og det veit vi for visst: den byen som er tilrettelagd for born, den er tilrettelagd for alle.

Oddny I. Miljeteig