Vekk med abortnemndene!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 06. mars 2019
Oppdatert: 06. mars 2019
Lesetid: ca. 4 min
Kvar gong noverande statsminister ser høve til å få utvida sitt parlamentariske grunnlag, kastar ho abortlova i potten som om det var poker ho skulle spela.

Kvinnedagen. Den internasjonale kvinnedagen. Om to dagar togar vi av garde, til og i tog og møte og tilskipingar av alle slag. Det kan bli tidenes 8. mars i Noreg på fredag. Fordi eg har vore heilhuga kvinneaktivist i fleire årtider, har eg ikkje tal på alle gongane eg har vorte oppringd av ulike media med spørsmålet: «Oddny Miljeteig, her i likestillingsladet, er ikkje 8. mars gått ut på dato?» Likelønskjering og 6-timarsdags forkjempar som eg er – jo dei ringde til rett dama viss dei skulle få eit oppterga svar!

I 2014 fekk eg ingen slike telefonar. Ingen. Du hugsar 2013 og debatten om reservasjonsretten? Høgreleiar Erna Solberg krona starten sin som statsminister med å laga særskild avtale med KrF om reservasjonsretten. Om abortlova. Kvinne-Noreg svara 8. mars 2014 med dei lengste toga i 8. mars si historie. Alle topp-tal frå 70-talet vart forbigådde i fleng. Det var Noregs-rekord over heile landet! Raudstrømper i alle generasjonar samla seg i felles raseri over tuklinga med abortlova. Erna Solberg sa det måtte finnast viktigare ting å demonstrera for og mot. Henne om det. Det ho minte store flokkar kvinner på, var at kampen om kvinners råderett over eigen kropp aldri er vunnen ein gong for alle – og at det var berre Arbeidarpartiet og SV som røysta for abortlova i Stortinget i 1978.

I 2019, eitt år etter 40-årsjubileet for abortlova, kan vi slå fast dette: Kvar gong noverande statsminister ser høve til å få utvida sitt parlamentariske grunnlag, kastar ho abortlova i potten som om det var poker ho skulle spela. I fjor gjorde ho det igjen, i ei slags fraksjonsverksemd med Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad frå KrF. Statsministeren og hennar folk var det visst som som leia KrF-arane til å tru at med hennar regjering kunne KrF få viktige abortgjennomslag. Det er også Erna Solberg som har lansert nemninga «Downs-paragrafen» – som slett ikkje er det, men som får langt meir enn dei med Downs og deira pårørande til å frysa på ryggen. For vi har ingen Downs-paragaf i abortlova. Statsministeren burde ha halde seg for god til den slags skitne triks – men for å halda på makta, gjer ho visst kva som helst. I alle fall når det kjem til abortlova.

Kvifor var det at kvinne-«Noreg gjekk i svart då Ingolf Ropstad buste ut i ein TV-debatt med at «Klarer du eitt barn, klarer du to!»? For det fyrste: Kontroll over kvinnekroppen er eitt av patriarkatets fremste kjenneteikn. Det er berre til å sjå til mørkemannsreaksjonen i USA, leia frå Det kvite hus. Eller til Latin-Amerika, der kvinner får tiårsvis i fengsel for å ha teke abort. Sjølv abort etter incest og valdtekt er ikkje lov. Kvinna skal ta imot – også fornedring. Irland har endeleg sagt ja til sjølvvald abort. Og veit du at så seint som i 1968 vart det her i Noreg registrert dødsfall etter illegal abort?

I den eldste nolevande feministgenerasjonen finst det mange som har opplevd «strikkepinne-abortar», i familie, hos veninner – eller sjølve. Eg opplevde Ropstad sitt utfall som eit slag over andletet slik at eg fysisk nesten kjende blodsmaken i munnen. Difor reagerte eg så sterkt. Difor trur eg at vi som eit kollektiv reagerte så sterkt, mange. I kvinnefrigjeringa er kontroll over eigen kropp ein botnbjelke. Då Erna Solberg i fjor haust for andre gong braut den politiske borgfreden om abortlova, då skaka grunnvollane under kampen for kvinners likestilling og frigjering. Vi rett og slett kjende åresvis med kvinnekamp rasa forbi på netthinna – attlengs. Også dei unge kvinnene.

Abortnemndene. Dei skulle ha vore historie. Men regjeringa stramar til – for «fleirlingabort.» For at Erna Solberg og Ingolf Ropstad må ha ein siger – så stramar dei til abortlova for fyrste gong på over 40 år. Det er eit ekkelt spel som vi ikkje kan finna oss i. Svaret må vera krystall-klårt: Bort med nemndene! Ingen andre enn kvinna sjølv kan til sjuande og sist ta avgjerda om å avbryta eller fullføra eit svangerskap. Nemndene er ein rest frå den gong patriarkatet bestemde over kvinners kroppar. No, snart 41 år etter abortlova, er det på tide å krevja nemndene vekk. Ei ny regjering med anna fleirtal kjem til å koma. Ei regjering utan Solberg og Ropstad. Den regjeringa bør fjerna nemndsystemet i abortlova, ein gong for alle. For vi har eigentleg ikkje tid til å bruka på antikvariske forordningar over kvinners kroppar. Det er så mange kampar å kjempa.

I fjor var det berre så vidt unge Sumaya Jirde Ali våga å koma som talar til 8. mars-tilskipinga i Bergen. Ho var utsett for hets og hat så det kjendest. Nyleg er ei kvinne på over 70 år dømd for å ha kalla Sumaya for ein «korrupt kakerlakk.» Dei «skamlause jentene» har brøyta veg med bøker, foredrag, samtalar og appellar. Amal Aden har måtta tola grenselause åtak, også fysiske. Kadra Yusuf likeeins. I Bergen skal vi 8. mars minnast særskilt kurdiskfødde Shilan Shorsh, som gav heile sitt livs kraft i kampen for kvinners frigjering før ho døydde 39 år gammal. Så skal vi hylla Leila Rossow og dei som set nytt søkjelys på sosial kontroll over unge kvinner. Vi må verna om unge kvinner som reiser seg til kamp for frigjering!

Så må vi berre ikkje tru at kvinneundertrykking einast finn stad i minoritetsmiljø. Den seksualiserte valden mot kvinner og born kjem til overflata no. Grusame historier om misbruk av småjenter heilt ned til babyar vert avslørte etter at kvinner tek mot til seg og fortel, somme årtider etter. Både vår historie og vår nåtid ber med seg denne grenselausepatriarkalske valden.

Metoo-kampanjen viser kor lite budde vi er på å stå opp mot seksuell trakassering. Også i Noreg. I media, i arbeidslivet, i politikken. Det kan då ikkje vera for mykje forlangt at menn i posisjonar oppfører seg overfor unge kvinner? Og at det må gå an å læra av brott som har øydelagt store delar av kvinneliv? Ærleg talt. «Det er langt fram, sa kjerringa, ho såg seg attende.» Men motlause må vi ikkje bli, sjølv om historia tek seg oppatt.

Eg vil ikkje vera ei pessimistisk kjerring , sjølv om eg har høg hurpefaktor. I grunnen er det altfor få med høg hurpefaktor og raude strømper, tenkjer eg. 8. mars er dagen for lokale, nasjonale og internasjonale kvinnesaker, for kulturlivet og arbeidslivet – ja, livet sjølv. I 1910 fekk Clara Zetkin innstifta kvinnedagen som internasjonal kampdag. I 2019 seier eg til alle byens, Noregs og verdas kvinner: Hjarteleg til lukke med dagen! Kvinnefrigjeringa er i sikte om vi berre ser godt nok etter og arbeider nok!

Oddny I. Miljeteig