Proteser for livet

Publisert av: Oslo SV Publisert: 05. desember 2018
Oppdatert: 05. desember 2018
Lesetid: ca. 3 min
For Proteseverkstaden i Gaza og dei menneska som manglar protesar, er kvar krone som vert samla inn her oppe på toppen av verda, god som gull.

Det er noko eige med adventstida. Eg kjenner på at for kvart år som går, så kjem barndommens juleforventningar smygande tidlegare og sterkare. Eg trur ikkje eg går i barndommen. Men eit lengre liv gjev gjerne rom for at ein søkjer attende til glede og forventningar frå den gong då – avdi ein har sett kor uendeleg viktig det er å halda på nett glede og forventning.

Mine jule- og adventsminne er knytte til barndomsfjorden og til heimegarden Tøsse. Det var ein trygg stad i etterkrigstida, og både 50- og ikkje minst 60-talet bar bod om aukande velstand – for alle. Det gjorde inntrykk på meg at pappa ein gong sat ved skrivebordet, snakka med banken og fekk sendt pengar til ein han visste hadde det trongt nett då. Det var ikkje ein nær kjenning, men pappa hadde fått nyss om at mannen og familien hadde det vanskeleg. Då var ikkje pappa sein om å lyfta opp telefonrøyret for å hjelpa. SVs seinare mest kjende slagord «Del goda» var ikkje på noko vis påtenkt den gongen, men det levde altså i beste velgåande – og småjenta fekk eit minne for livet og noko å grunda lenge på.

Del goda. Eller berre: del. Ikkje som ein kommando, men som eit solidaritetens imperativ. Sjølvsagt må vi dela. Kan hende er det slik at det er dei eldste i blant oss og dei som slett ikkje har det best materielt, som deler mest. Det har meir eller mindre skruppellause TV-pengeinnsamlarar, predikantar eller ikkje, oppdaga for lenge sidan. Det er ein hån mot dei som har dele-genet mest i seg å lura gåvmilde menneske  for pengar til si eiga vinning. Dei høge leiarlønene i frivillige hjelporganisasjonar og offentleg og privat bistand hjelper heller ikkje på.

Så er det dess meir gledeleg når innsamlingsaksjonar oppstår slik at ein veit at alle innsamla midlar går til det som er innsamlingsføremålet.  I Bergen er det no lansert ein alternativ adventskalender, eller ein adventsaksjon, om du vil. Det er utrøyttelege Camilla Ahamath som aksjonerer,  ho som spontant  samla inn over 15 millionar til Legar utan grenser i haust. Og ja, det er heilt sant og det var spontant!

Proteseverkstaden i Gaza er målet for adventsaksjonen til Camilla Ahamath.  I over 40 år har Proteseverkstaden i Gaza (ALCP) hjelpt menneske i krise og menneske som treng ortopediske hjelpemiddel.  ALCP er ein ideell organisasjon støtta av den internasjonale Raudekrossen/Røde Kors.

I 2010 gav Prosteseverkstaden gratis hjelp til meir enn 2 800 pasientar. Klinikken er heilt avhengig av donasjonar , altså gåver, for å få drifta til å gå rundt. No er institusjonen under sterkt press og har ikkje økonomi til å hjelpa alle som oppsøkjer klinikken.  Som fylgje av den israelske blokaden og fleire amputerte er Proteseverkstaden i ein ekstremt vanskeleg driftssituasjon. Dei manglar pengar til løn, materiell og vedlikehald av klinikken. Energisituasjonen er  vanskeleg. Dei treng brennstoff til aggregata som leverer straum som dei er heilt avhengige av fordi blokaden fører til at straumleveransen på nettet er særs avgrensa.

Det går med store ressursar til å halda generatorane ved Proteseverkstaden i gang. Proteseverkstaden treng fleire aggregat, utviding av klinikken, ein rullestolrampe og installering av heis.I Gaza finst inga nasjonal forskrift om universell utforming. Og om forskrifta hadde funnest, ville det ikkje ha vore pengar til å oppfylla krava. Igjen: Det er private gåver frå andre land som avgjer Proteseverkstaden sin lagnad.

Pågangen til Proteseverkstaden aukar. Dei greier ikkje å ta unna alle dei nye amputerte frå demonstrasjonane i 2018. Dei har etterslep frå pasientar som har venta i årevis på protesar. Etter det siste årets blodige protestar på Gaza-stripa har minst 90 skotskadde og amputerte palestinarar behov for nye protesar. I tillegg kjem kronisk sjuke: Diabetikarar med svekka blodsirkulasjon, medfødde misdanningar som klumpfot og pasientar med polio-skadar.

Gaza er kanskje den staden i verda som har høvesvis flest fysisk funksjonsskadde, heile tre prosent av innbyggjarane.

Fem millionar har vår bergenske Camilla Ahamath sett seg føre å samla inn til Proteseverkstaden i Gaza no i desember. Etter tre dagar var 100.000 komne inn på facebook-aksjonen. I botnen ligg  440.000 kroner som Palestinakomiteens Morten Heszlein-Lossius og partnarane hans nyleg fekk inn på gatekunstauksjon. For Proteseverkstaden i Gaza og dei menneska som manglar protesar, er kvar krone som vert samla inn her oppe på toppen av verda, god som gull.

Kan hende kan vi lova oss at vi skriv til ei ekstra advents- eller julegåve på lista i år: Eit tilskot til Proteseverkstaden i Gaza. Målet er altså å få samla inn fem millionar kroner. Det er ein liten del av det norske julegåvebudsjettet.  Alle monar drar – og bidrar. Det er ikkje ein floskel.  Eg trur det er sant at kvar krone innsamla er verd si vekt i gull – fordi kvar krone går til proteser for livet.

Oddny I. Miljeteig