Planlegging av vindkraftverk etter plan- og bygningslova

Publisert av: vagan Publisert: 09. juni 2020
Oppdatert: 27. januar 2022
Lesetid: ca. 1 min
Fråsegn frå SV til Vestland fylkesting

Omdisponeringa av betydelege areal til vindkraftutbygging har vore unnateke frå arealplanlegging og krava i plan og bygningslova.  Kommunane har med det hatt liten eller ingen innverknad på arealinngrep som har gjeve store konfliktar, også i Vestland fylke.

Vestland fylkesting er glad for at regjeringa har varsla endringar i konsesjonssystemet  for vindkraftutbygging. Fylkestinget meiner at det ikkje berre er behov for endringar i konsesjonssystemet, men at planlegging av vindkraftverk må verte gjort etter plan- og bygningslova.  Vindkraftutbyggingar må følgje vanlege kommunale prosessar for arealplanlegging. Berre det kan sikre at innbyggarane får påverke, og at det er kommunen og lokaldemokratiet som har den endelege avgjerda.

Vestland fylkesting meiner det må stillast tydelege og strengare krav til konsekvensutgreiingar i samband med vindkraftutbyggingar.

Det må  vidare bli lagt stor vekt på naturmangfaldslova, og miljøforvaltninga må få ei sentral rolle. Konsekvensane for naturleg karbonlagring må inngå i vurderinga, og det må utarbeidast eit klimarekneskap for utbyggingane. 

Vestland fylkesting vil ikkje utbygging av vindkraft i urørd natur eller på bekostning av viktige verdiar knytt til natur, landskap, kulturminner/kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med kommunestyrevedtak. Vindkraft til havs skal utviklast i samråd med havbruk- og fiskeinteressene.

Til fylkestinget 9. juni 2020