open menu

SV seier nei til vindkraftindustri på Stadlandet.

– Det må tas langt større hensyn til naturen enn vi har sett i mange av utbyggingene til nå, seier Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV).

Olje- og energidepartementet har nyleg sagt ja til ny vindindustrianlegg på Okla på Stadlandet i Stad kommune. Anlegge ligg i urørt og lite påverka natur, og anlegget har stor lokal motstand. Industrianlegget vil vere svært dominerande i landskapet og ha store negativ verknad for naturen og miljøet.

Departementet har i avgjerda i det heile ikkje lagt vekt på ny lokal og generell kunnskap om tap av biologisk mangfald og artar. Departementet har vidare heilt oversett stor lokal motstand og kommunale vedtak.

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken  (SV) sitt i energi og miljøkomiteen, han seier:
– SV går mot utbygging av vindkraft i verdifulle naturområder, som anlegget på Stadlandet. Naturverdiene er godt dokumentert på Stadlandet. Store deler av Stadlandet er verneområde, unntatt området som er satt av til vindkraftverket. Saken viser godt behovet for en skikkelig gjennomgang av konsesjonssystemet for vindkraft.

SV går mot utbygging av vindkraft i urørd natur eller på kostnad av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv. Desse verdiane er svært godt dokumenterte for dette naturområde. Alt i regional plan for vindkraft i tidlegare Sogn og Fjordane frå 2011 vart landskapet på Stadlandet vurdert til å ha stor regional og nasjonal betydning og identitetsverdi. Stadlandet er verneområde, med unnatak av området som er sett av til vindindustri.

Del dette