Nei til vindkraftindustri på Stadlandet, Haramsøya og Runde

Publisert av: vagan Publisert: 29. mars 2020
Oppdatert: 29. mars 2020
Lesetid: ca. 2 min
Fråsegn frå Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal SV

Olje- og energidepartementet har nyleg sagt ja til to ny vindindustrianlegg på Vestlandet, Okla på Stadlandet i Stad kommune og på Haramsøya i Haram kommune. Båe anlegga ligg i urørt og lite påverka natur, og i båe kommunane er det stor lokal motstand. Båe industrianlegga vil vere svært dominerande i landskapet og ha store negative verknader for naturen og miljøet.
Departementet har i avgjerda i det heile ikkje lagt vekt på ny lokal og generell kunnskap om tap av biologisk mangfald og artar. Departementet har vidare heilt oversett stor lokal motstand og kommunale vedtak. 

Samstundes med avgjerda om Stadlandet og Haramsøy har Norges Vassdrags- og energidirektorat gjeve utsett frist for å sette i gang eit vindindustrianlegg utanfor Runde i Møre og Romsdal. Dette anlegget fekk konsesjon alt i 2013. Både kunnskapsgrunnlag for konsekvensutgreiingar er utdaterte. Eit anlegg her vil ha stor negativ verknad for fugleliv og for oppvekst- og gyteområde for fisk. 

SV går mot utbygging av vindkraft i urørd natur eller på kostnad av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv. Desse verdiane er svært godt dokumenterte for dei tre naturområda. Alt i regional plan for vindkraft i tidlegare Sogn og Fjordane frå 2011 vart landskapet på Stadlandet vurdert til å ha stor regional og nasjonal betydning og identitetsverdi. Stadlandet er verneområde, med unnatak av området som er sett av til vindindustri. 

SV sine fylkeslag i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland meiner at olje- og energidepartementet må vurdere å trekke attende fleire vindkraftkonsesjonar fordi det ikkje er gjort gode nok undersøkingar før konsesjon vart gjeven eller når planar vart endra. Miljøfaglege råd er ikkje lytta til. Energilova opnar for at det kan gjerast om, både ut frå «allemenne interesser» og når konsesjon er gitt på grunnlag av «uriktige eller ufullstendige opplysningar om forhold av vesentleg betydning». 

Fråsegn frå Rogaland SV, Vestland SV og Møre og Romsdal SV