Nei til karakterbasert inntak i skulen

Publisert av: vagan Publisert: 09. desember 2019
Oppdatert: 09. desember 2019
Lesetid: ca. 1 min
Regjeringa vil innføre karakterbasert inntak (fritt skuleval). I hovedutval for opplæring og kompetanse sette Åsmund Berthelsen, SV, fram slikt forslag på vegner av SV, A, SP, KrF og MDG.

1. Vestland fylkesting støttar ikkje framlegget til endringar i forskrift til opplæringslova kapittel 6. Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande opplæring og meiner difor at det framleis skal vere fylkeskommunen sjølv vedtek inntaksordning for vidaregåande opplæring. Framlegget frå departementet er eit direkte inngrep i det lokale og regionale sjølvstyret og går på tvers regionreforma om å desentralisere makt og mynde til fylkeskommunen. Uavhengig av kor ein står i spørsmål om inntaksordningar til dei vidaregåande skulane er det likevel eit klårt ynskje om at fylkeskommunen sjølv skal styre dette utan ytterlegare detaljstyring frå nasjonale styresmakter. 

2. Vestland fylkeskommune meiner at alle elevar skal ha rett til å gå på ein skule nær der dei bur, samstundes som ein også kan søkje på andre skular dersom ein ønskjer det. Vestland fylkeskommune har starta å vurdere ulike inntaksmodellar og har difor sendt sak om dette på høyring. Målet med vurderinga og høyringa er å gjere inntaket meir rettferdig, både gjennom å sikre eit godt tilbod i distrikta, meir mangfald i byskulane, framleis valfridom og meir tryggleik for elvar som i dag er uroa for reiseveg. Inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert. I vurderinga vil fylkeskommunen sjå til andre fylkeskommunar sine inntaksmodellar. 

3. Om det likevel vert vedteke å ta frå fylkeskommunen retten til å avgjere inntaksområde går Vestland fylkesting inn for modell 1 i framlegget frå departementet, med høve til å ha såkalla fritt skuleval innafor fastsett inntaksmodell i fylket. 

4. Kommentarar til høyringa som kjem fram i saksutgreiinga vert ikkje vedteke eller oversendt.