open menu

Trua artar

Planter og dyr vert utrydda i eit urovekkande tempo. Dette truer heile vårt livsgrunnlag. Naturen gjev oss mat, klede, medisinar, byggematerialar og opplevingar. Vi vil ta vare på leveområda til planter og dyr, både gjennom vern, fornuftig bruk og restaurering av øydelagd natur.

SV sine forslag til løysingar:

  • Sørge for at fleire planter og dyr, og ulike naturtypar får betre vern gjennom naturmangfoldloven.
  • Sikre levedyktige bestandar av de fire store rovdyra i Noreg. SV meiner at bruk av utmarksbeite er svært viktig og at ein må gje støtte til omstilling der kor fellesskapet vel å ha område prioritert for rovdyr. Det må også løyvast tilstrekkeleg med midlar til forebyggande og konfliktdempande tiltak der utmarks-beiting er mogleg.
  • Iverksette tiltak for å sikre bestandene av trua sjøfuglar.
  • Ta vare på villreinen og leveområda deira.
  • Bekjempe spreiing av framande artar i norsk natur.
  • At naturmangfoldloven skal gjelde alle norske havområde.
  • Utarbeide eit økologisk grunnkart. Skal vi ha god forvaltning og planlegging må vi vite kva naturtypar, landskapstypar og artar, vi har.
  • Styrke miljøkompetansen og -kapasiteten i kommunane.
  • Ta vare på villaksen. Vi vil innføre krav om at innan 2020 skal all oppdrettslaks dobbeltmerkast på ein måte som gjer at rømt fisk enkelt kan verte identifisert og spora.
  • kjempe mot miljøkriminalitet ved å styrke Økokrim og Statens naturoppsyn.

 

Tilbake til «SV fra A til Å»

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter