open menu

Plastforsøpling

SV vil gå til kamp mot den auka plastforureininga. I 2050 kan det vere meir plast enn fisk i verdshava om vi ikkje får redusert plastforsøplinga drastisk. Allereie i dag ser vi store konsekvensar av plastureininga. Ein finn plastavfall i fordøyelsessystemet til både fisk og fugl.

SV har i 2018 på Stortinget fått gjennomslag for for tiltak mot ei stor kjelde mikroplast, nemleg gummigranulat frå kunstgrasbaner. Innan 1. januar 2019 skal det innførast regelverk som påbyr effektivt oppsamlingsutstyr på alle kunstgrasbaner. Eit anna forslag om å fase ut bruken av gummigranulat innan 2023 fekk derimot ikkje fleirtal.

SV vil:

  • Norge må innføre et mål om å fase ut og forby produksjon og bruk av enkelte engangsartiklar av plast innan 2022. Engangsariklar av plast er vanlege funn på strandrydding, viser statistikk. Miljødirektoratet tilrår diforr redusert bruk av engangsartiklar.
  • Norge må få på plass ei produsentansvarsordning for fiskeri- og oppdrettsutstyr slik at dei som sel slikt utstyr også har ansvar for returordningar og for forsvarleg merking. Utstyr fraå fiskeri og oppdrett er av dei største nasjonale kjeldene til plastforsøpling, og ei slik ordning er tilrådd av Miljødirektoratet.
  • Forby bruk av plastarmering i samband med vegbygging.
  • Skjerpe regelverket mot mikroplast mellom anna for å hindre spreiing frå bildekk og båtmaling.
  • Styrke arbeidet mot marin forsøpling, m.a. gjennom Hald Norge reint og Skjærgårdstenesta.
  • Løne fiskarar som tar med søppel  dei får i reiskapen når dei fiskar (fishing for litter).
  • Styrke innsamlingen av farlig avfall som skadar mennesker og natur. Aukeke kommunar sitt høve til å sikre opprydning på offentlig og privat grunn gjennom kommunale avgifter og bøter.
  • Auke panten på flasker og bokser. Innføre flere panteordninger og miljøavgifter også på andre produkter med betydelig miljøbelastning i produksjonen.
  • Pålegge kommunane å ha gode kjeldesorteringsordninger og stimulere til etablering av gjenbruks- og reparasjonsverkstader.
  • Jobbe for internasjonale avtalar som sikrer opprydning og jobbar mot marin forsøpling og mikroplast.
  • Utvikle ordningar for å utvikle og ta i bruk resirkulert og fornybar plast.

 

Tilbake til «SV fra A til Å»

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter