open menu

Oljefrie Mørebankar

Norsk vårgytande sild  har fødestova si på Mørebankane.  SV seier difor ja til oljefrie Mørebankar.

I norske havområde finn ein nokre særskilt sårbare og verdifulle område som skapar evigvarande verdiar for Noreg. Slike område er særleg viktige å ta vare på. Eit hovudkrav for SV er difor at oljeindustrien difor må vike for natur og fornybar næringar i desse områda. Formelt sett er Mørebankane opna for petroleumsverksemd, men takka vere politisk kamp har ein gjennom forvaltningsplanen for Norskehavet klart å sikre at området er petroleumsfritt fram til no.

Den norske vårgytande silda har hovudområde for gyting utanfor Møre i februar-mars. Millionar av sild gyt enorme mengder egg på eit svært avgrensa geografisk område.  Silda har mykje å seie for økosystema langs kysten, og har historisk sett vore ein svært viktig kommersiell fiskeart for Noreg.

Møre-bankane er også eit svært viktig gyte- og tidleg oppvekstområde for og sei, men også for nordaust-arktisk torsk og hyse. Området er vidare viktig som næringsområde for mange arter av sjøfugl, slik som lomvi, lunde og alke. I dette havområdet finn ein også fleire korallrev.

Mørebankane er definert som eit særleg sårbart og verdifullt område av staten sine eigne miljøekspertar. Olje- og gassverksemd kan påverke desse områda negativt gjennom driftsutslepp av olje og kjemikaliar, men særleg uroa er ein for akutt forureining ved ei ulykke. Vidare kan ein oppleve arealkonfliktar mellom fiskerifartøy og seismikkfartøy.

Motstand mot oljeboring på Mørebankane kjem ikkje berre frå SV og miljørørsla. Også fiskarane sine organisasjonar er sterkt kritiske til oljeboring i fødestova til silda.

Verda har allereie funne meir fossil energi enn klimaet tåler. Dette er også ein grunn til at SV vil at olje og gass skal bli liggande og går mot nye oljeutbyggingar og nytt areal til leiting etter olje og gass.

 

Les også: Olje og gass, Oljefondet ut av fossil energi, Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

 

Tilbake til «SV fra A til Å»

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter