open menu

Nasjonalparkar

For å ta vare på planter og dyr, må vi sikre leveområda deira. Det gjer vi mellom anna gjennom å opprette nasjonalparkar.  Nasjonalparkane representerer nokon av våre flottaste naturområde og er med på å sikre at naturen går i arv. Den fyrste nasjonalparken, Rondane, fekk vi i 1962. I dag har vi 47 nasjonalparkar. Nasjonalparkane har vore avgjerande for å ta vare på større område utan særlege inngrep.  Ein stor mangel ved dei norske nasjonalparkane, er at få ligg ved kysten. Dette er område som har eit svært rikt plante- og dyreliv.

SVs forslag til løysingar:

  • Utarbeide ein ny nasjonalparkplan. Vi vil særlig vektlegge oppretting av nasjonalparkar som har ein type natur vi har teke for dårlig vare på, til dømes kystnære områder.
  • Opprette nasjonalpark i Østmarka i Oslo og Akershus og rundt Preikestolen i Rogaland.
  • Utvide og forsvare verneplanane for vassdrag. Vi vil ikkje bygge ut verna eller verneverdige vassdrag. Vi vil utarbeide ein eigen plan for vern av kystnær vassdragsnatur.
  • Sikre 10 prosent av havområda innenfor territorialgrensen gjennom marine verneplanar
  • Sikre 10 prosent vern av den produktive skogen.
  • Utvide dagens ordning med utvalde kulturlandskap der ein sikrar skjøtsel.
  • Grunnlovsfeste allemannsretten for å styrke naturgrunnlaget til friluftslivet.
  • Sikre kvardagssnaturen gjennom ei lov som sikrar grenser for utbygging i naturområda rundt dei større byane.

 

Tilbake til «SV fra A til Å»

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter