open menu

Me meiner

Rogaland SV si hovudsak i 2017 er kampen mot forskjells-Noreg.

Kampen for rettferdig fordeling av makt, pengar og velferdstenester skal vera det overordna prosjektet vårt gjennom stortingsvalgkampen. Dei økonomiske forskjellane har auka i Noreg og i dei aller fleste rike landa dei siste tre tiåra. Forskjellsutviklinga rammar dei med minst hardast, samtidig som det skadar fellesskapet. SV tar kampen for dei breie fellesskapstenestene me alle er avhengige av. SV vil investera i skule, bustad og velferd for alle. Med vår økonomiske politikk vil dei fleste få større skattelette enn i dag, medan dei som har mest vil bidra mest. Me vil også stansa moglegheita til å ta ut privat profitt for dei som driv private velferdstilbod og stoppa skatteflukta for multinasjonale selskap. Kvar eineste skattekrone skal gå til velferd, ikkje til profitt.

SV tar kampen for fleire jobbar og fleire faste stillingar. Arbeidsløyse er gift for eit samfunn. Å la folk gå utan arbeid, er å sløsa med samfunnet sine ressursar. Alle kan bidra til fellesskapet, og å vera i jobb gir meiningsfulle dagar og økonomisk tryggleik. Me står for ein aktiv politikk for omstilling og nyskaping. Staten må bidra slik at dei som mista jobben i oljekrisa, kan bruke kompetansen sin i nye, grøne næringar. Regjeringa, Venstre og Krf har gjort det enklare å tilsetta folk i mellombels stillingar. Uten fast jobb blir det vanskelegare å planlegga framtida, få seg lån og eigen bustad. Og det krev meir å seia frå om urettferd på jobben. SV vil endra reglane i arbeidslivet, slik at fast jobb igjen blir hovudregelen.

Rogaland SV stortingskandidater 2017

Stortingsliste

35 tiltak for et rettferdig Norge

Rogaland SV valgbrosjyre 2015

Arbeidsprogram 2015-2019

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter