Rogaland SVs stortingsliste

Publisert av: Rogaland SV Publisert: 03. november 2020
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 1 min
Ingrid Fiskaa frå Bryne vart 1. november samrøystes vald til Rogaland SVs førstekandidat til stortingsvalet.

På dei neste plassane valde nominasjonsmøtet Paal Kloster frå Stavanger, Anniken Heimdal Tjøstheim frå Strand, Alice Botnen Akselsen frå Haugesund, Øyvind Grassdal frå Sauda og Bettina Lindgren frå Sola.

– Stortingsvalet 2021 blir eit avgjerande retningsval for Noreg. Me må berga livsgrunnlaget ved å stoppa farlege klimaendringar og øydelegging av naturen. Samtidig må me styrka fellesskapet, og kjempa mot sentralisering og maktkonsentrasjon. SV vil at alle innbyggarar skal kunna påverka samfunnsutviklinga, ikkje berre dei få på toppen, uttaler Fiskaa.

Nominasjonskomiteen la i presentasjonen av listeforslaget særleg vekt på Fiskaa sin breie organisatoriske og politiske erfaring. Fiskaa er i dag lærar på Sandnes vidaregåande skule og sit i kommunestyret og formannskapet i Time kommune.

Heile lista ser slik ut:

1Ingrid Fiskaa (Time)
2Paal Kloster (Stavanger)
3Anniken Heimdal Tjøstheim (Strand)
4Alice Botnen Akselsen (Haugesund)
5Øyvind Grassdal (Sauda)
6Bettina Lindgren (Sola)
7Eva-Tone Breivik (Sandnes)
8Josef Nabavi (Klepp)
9Jeanette Lea Romslo (Hå)
10Eirik Faret Sakariassen (Stavanger)
11Silje Sværen (Hjelmeland)
12Halvor Thengs (Eigersund)
13Trine Meling Stokland (Haugesund)
14Ask Brekke (Randaberg)
15Araz Hanan (Sandnes)
16Ingrid Vikse (Stavanger)
17Lars Helge Strand (Gjesdal)
18Monika Kvilhaugsvik (Karmøy)
19Tone Mari Sand (Suldal)
20Heidi Bjerga (Sandnes)