Miljøkortet: Ja til ei berekraftig framtid!

Publisert av: Rogaland SV Publisert: 13. august 2019
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 1 min
Rogaland SV lanserer Miljøkortet: buss, båt og tog i heile fylket for 500 kroner i månaden.

På Rogaland SVs valkampstart 13. august lanserer me forslaget om eit miljøkort: for 500 kroner i månaden skal vaksne kunne reisa med buss, båt og tog i heile fylket.

Kortet skal gjelda for alle vaksne som ikkje kan bruka Hjem-Jobb-Hjem-ordninga. Me vil også ha halv pris for studentar, pensjonistar og honnør, og gratis bil- og sykkelparkering på knutepunkta.

Temaet for valkampstarten er grøn transport. Det må bli enklare og billegare å reisa kollektivt i Rogaland. Hjem-Jobb-Hjem-ordninga som gir mange på Nord-Jæren ein gunstig pris på månadskortet er ein suksess, og me vil at fleire skal få den same sjansen!

Saman med miljøkortet føreslår Rogaland SV ei rekke andre tiltak for betre og billegare kollektivtransport:

– hurtigbåt i heile Ryfylke

– studentrabatt på hurtigbåt i Ryfylke

– 10-kroners billett på heile Haugalandet

– at ungdomskortet skal gjelda på Kystbussen og på alle ferjene

– el-båt mellom Lura og Hana medan me ventar på Gandsfjord bru

– gjenopning av Ålgårdbanen

– dobbeltspor på Jærbanen heilt til Eigersund

– Haukelibanen mellom Stavanger, Bergen og Oslo

Samtidig seier me eit tydeleg nei til bygging av Rogfast og ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim. Me vil heller satsa på nullutsleppsferje med fleire avgangar. Me treng trafikksikre vegar med gul midtstripe, nye sykkel- og gangvegar og meir pengar til ras- og flaumsikring. Ikkje unødvendige og miljøfiendtlege motorvegar!

For meir informasjon, kontakt førstekandidat Heidi Bjerga på telefon 958 34 707.