Haugesund: Norsk Folkehjelps-huset, Karmsundgata 175.
Stavanger: SV-huset, Nytorget 6.
Programmet startar kl. 10.00 på laurdag, med middag frå kl. 18.30. På søndag startar me kl. 11.00 og avsluttar kl. 14.00.
Laurdag 1. juni
10.00 Velkommen
10.30 For dei mange – ikkje for dei få. Politisk innleiing ved Solfrid Lerbrekk (Stavanger) og Ingrid Fiskaa (Haugesund). Hovudsakene i valet og dei viktigaste argumenta våre. Spørsmålsrunde og diskusjon
11.30 Lunsj, kombinert med stand
13.00 Argumentasjonstrening ved Monika Kvilhaugsvik (Haugesund) og Øyvind Åfløy (Stavanger). Kva er dei beste argumenta våre? Korleis overbeviser me på stand, og i andre samtalar med potensielle SV-veljarar?
15.00 Parallelle opplegg:
A) Skrivetrening ved Ingrid Fiskaa (Haugesund) og Jon Salthe (Stavanger). Skriveoppgåver kan vera lesarinnlegg i avis, korte innlegg på sosiale medium. Korleis skriva godt i ulike samanhengar?
B) Sosiale medium ved Anette Opheim (Haugesund) og Bettina Lindgren (Stavanger).
16.30 Lokallaget planlegg valkampen. Tid for kvart lokallag eller saman med nabolokallag: Planlegging av aktivitetar, ringerunde til medlemmene eller andre nyttige aktivitetar.
18.30 Middag og sosialt
Søndag 2. juni
11.00 Utfordringar til SV og forslag til samarbeid. Politisk innleiing ved xxx (Haugesund) og Eirin Sund, LO Rogaland (Stavanger).
13.00 Arbeidslunsj
14.00 Avslutning og vel heim