Heidi Bjerga toppar lista i Rogaland

Publisert av: Rogaland SV Publisert: 25. november 2018
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 2 min
To kvinner toppar lista etter Rogaland SVs nominasjonsmøte i Haugesund søndag 18. november.

Heidi Bjerga frå Sandnes stiller til gjenval etter ein periode på fylkestinget, og Monika Kvilhaugsvik frå Karmøy står på andreplass.

– Eg er høgt motivert for å fortsetta jobben i fylkestinget, seier Bjerga. – Eg vil arbeida for betre kollektivtrafikk, gode vidaregåande skular og næringsutvikling i heile Rogaland. No må me ta kampen mot klimaendringane på alvor og jobba for ei betre framtid for våre barn og barnebarn.

Bjerga har også to periodar i Sandnes bystyre bak seg, og er nominert på førsteplass på SV-lista i Sandnes for tredje gong.

Monika Kvilhaugsvik er vara til fylkestinget denne perioden, og vil kjempa for fast plass i neste periode. – Eg vil arbeida for at folk i Rogaland skal kjenna at dei har eit godt fylke å bu i. Eg vil stå på for gode vilkår for elevar, lærlingar og tilsette alle stader i fylket vårt og at me tar godt vare på dei fantastiske fellesressursane me har på land og i sjø og vatn. Eg er glad for at eg har fått nominasjonsmøtets tillit, seier ho. Kvilhaugsvik er også leiar i Skolenes Landsforbund i Rogaland, og har leia programarbeidet i Rogaland SV.

På tredjeplass har SV nominert den 18-årige ungdomskandidaten Reidar Sand frå Suldal. Edle Songe-Møller frå Stavanger er fjerdekandidat, Halvor Thengs frå Eigersund står på femteplass, og Marianne Sol Levinsen frå Karmøy er sjettekandidat.

– Me er svært fornøgde med å ha ei så god blanding av erfaring og nye krefter i toppen av lista, seier Ingrid Fiskaa, leiar i Rogaland SV. – Det er gode utsikter til å få inn to SV-arar på fylkestinget neste år, og det betyr endå sterkare innsats for rettferd og miljø i Rogaland.

Her er Rogaland SVs kandidatar til fylkestingsvalet:

  1. Heidi Bjerga, Sandnes
  2. Monika Kvilhaugsvik, Karmøy
  3. Reidar Sand, Suldal og SU
  4. Edle Songe-Møller, Stavanger
  5. Halvor Thengs, Eigersund
  6. Marianne Sol Levinsen, Karmøy
  7. Bjørn Eirik Marcusson, Stavanger
  8. Akosua Agyele Awuku, Stavanger
  9. Gjertrud Kjellesvik, Haugesund
  10. Lars Helge Strand, Gjesdal
  11. Jeanette Lea Romslo, Hå
  12. Ivar Teigland, Haugesund
  13. Guri Ravatn, Vindafjord
  14. Jan Refsnes, Sandnes
  15. Beate Aasen Bøe, Time
  16. Ketil Anthun, Tysvær
  17. Anniken H. Tjøstheim, Strand
  18. Geir Allan Stava, Karmøy
  19. Lisa Stornes, Sauda
  20. Josef Nabavi, Klepp
  21. Anette Opheim, Suldal
  22. Øyvind Kvitvær Leidland, Hå
  23. Eva Kristin Aune, Hjelmeland
  24. Knut Oaland, Haugesund
  25. Torhild Nesvåg, Sokndal
  26. Olav Wiik, Forsand
  27. Ida May Lea Hagen, Sola
  28. Martin Liland, Eigersund
  29. Siv Oltedal, Klepp
  30. Lars Utne Vaage, Stavanger og SU
  31. Olaug Høgetveit, Finnøy
  32. Ommund Stokka, Haugesund
  33. Eva-Tone Breivik, Sandnes
  34. Torgeir Thorsen, Rennesøy
  35. Mahire Turap, Sola
  36. Mads Tjøtta, Strand
  37. Greta Nub Marthinussen, Kvitsøy
  38. Pernille Fiskum Hatland, Stavanger og SU
  39. Odd Magne Hansen, Karmøy
  40. Kristin Fardal Hovland, Eigersund
  41. Tore Haye, Sandnes
  42. Tone Mari Sand, Suldal
  43. Jon Salthe, Stavanger
  44. Hege Hervik, Gjesdal
  45. Aastein Aase, Sandnes
  46. Synnøve Bredal Bjelland, Tysvær
  47. Sigve Romslo, Hå
  48. Liudmila Perevedentseva, Strand
  49. Vidar Samland, Vindafjord
  50. Ingrid Fiskaa, Time
  51. Michael Evans, Time
  52. Klara Tveit, Sauda
  53. Hallgeir Langeland, Stavanger